Fryktar nytt Tsjernobyl

Med kjernekraftverk i nabolanda har vi ein konstant risiko for å bli ramma av atomkatastrofar, meiner norsk anti-atomkraftaktivist.

Av Magnhild Folkvord, Klassekampen

I 2006 var ein ikkje langt unna ein katastrofe ved kjernekraftverket ved Forsmark nord for Stockholm, det nest største atomkraftverket i Sverige.

- Ved straumbrott stansar også straumen til kontrollsystema. Det var knapp tid for å få i gang reservegeneratorane. Hadde ikkje det lykkast, kunne ein risikert ei nedsmelting med katastrofale følgjer, også for Noreg, seier Eva Fidjestøl til Klassekampen.

Fidjestøl er kjemefysikar og antiatomkraftaktivist i Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF). Ho åtvarar om at vi sjølv i det ikkje så jordskjelvutsette Nord-Europa kan risikera ein atomkatastrofe.

Same reaktor
Jordskjelvskadane på japanske atomreaktorar viser kor sårbare atomanlegga er, meiner Fidjestøl.

IKFF har gjennom mange år engasjert seg i desse spørsmåla, ikkje minst etter Tsjernobyl-katastrofen for nær 25 år sia. Og som godt kan komma igjen.

- St. Petersburg har fleire reaktorar av same type som Tsjernobyl. Reaktorar i Murmansk og det britiske atomanlegget i Sellafield gjer situasjonen mykje verre enn det som vanlegvis kjem fram i norske medier, seier Fidjestøl.

Høgradioaktivt avfall
Når det gjeld Sellafield, meiner ho det er skapt eit inntrykk av at alt er løyst med ein avtale i 2002 om at det radioaktive stoffet teknesium 99 ikkje skulle sleppast ut. Men mange problem står att. Sellafield har ti tankar med høgradioaktivt avfall som må kjølast ned heile tida.

- Dersom kjølesystemet sviktar der, kan det føra til ei større ulykke for Noreg enn Tsjernobyl, seier Fidjestøl.

- Kva for krav kan stillast frå norsk hald?

- Alle landa rundt Nordsjøen er bundne av avtalar om kor mykje forureining som kan sleppast ut i sjøen. Det burde vera mogeleg å gå same vegen når det gjeld kjernekraftverka. Men det er ikkje lett å nå fram på dette området, seier Fidjestøl.

- Irland har prøvd å føra rettssaker, men å vinna fram mot atomkraftselskap er ikkje enkelt. Eva Joly har uttalt at det er mykje korrupsjon når det gjeld både atomenergi og atomvåpen, det er svært sterke krefter ein har med å gjera.

Gjenvinning i Normandie
Kjernefysikaren meiner Noreg burde seia mykje klarare kva vi meiner.

- Men vi er i ein kinkig situasjon når det no blir planlagt gjenvinning av vårt eige atomavfall.

Fidjestøl minner om planen om å senda noko av det norske atomavfall frå Bjeller og Halden til gjenvinning i Normandie i Frankrike. Ei offentleg utgreiing frå Stranden-utvalet kom i februar, og deira framlegg vil bli sendt ut med høyringsfrist i august.

- Gjenvinning av atomavfall er i seg sjølv risikabelt, og skaper meir avfall, seier Fidjestøl og slår fast at atomkraft som energikjelde ikkje gir berekraftig energiproduksjon.

Finland og Frankrike
Finland satsar mykje på utbygging av atomkraftverk i samarbeid med Frankrike.

- Det blir satsa på ein heilt ny type atomreaktorar, kjempedyre, avanserte anlegg. Same type blir bygde i Frankrike. Så langt har det ikkje vore mykje protestar i Finland, men det held på å bli demonstrasjonar i Frankrike, fortel Fidjestøl.

- Hadde ein brukt ressursane, både hjernekraft og pengar, på alternativ energi, hadde vi vore ein heilt annan stad.

magnhild.folkvord@klassekampen no

Intervjuet blei trykka i Klassekampen 16. mars 2011