Uttalelse vedtatt på WILPF Norges landsmøte 1. – 2. april 2017.

Det siste året har offiserar og militære analytikarar gått offentleg ut og kritisert regjeringa i samband med langtidsplanen for Forsvaret. Dei peikar på at det er fint lite att av Hæren og Heimevernet, som har vore base i forsvaret. Marinen fekk for nokre år sidan nye, dyre fregattar, men bortsett frå ein, ligg dei ved kai og forfell på grunn av pengemangel til drift. Det planlagte flykjøpet vil truleg gjera situasjonen verre for hær og marine.

Militærvesenet er ikkje lenger innretta på å forsvara landet, men på å “assistera” USA/ NATO i “out of area”-krigar. Me har Telemarksbataljonen, og i tillegg er det no tinga 52 kampfly, som visst eignar seg best til bombing. Me må visa oss som ein ”troverdig NATO-partner” heiter det. Då vil USA koma oss til hjelp, dersom det skulle trengast..

Flya er ikkje berre dyre i innkjøp; dei blir også svært dyre i drift. Dessutan – noko som sjeldan blir nemnt – er dei svært skadelege for klimaet, med den enorme mengda drivstoff dei vil forbrenna. Til no har Stortinget bunde seg til å kjøpa 28 fly, men planen er altså 52. Vedtak om eventuelt kjøp av dei resterande flya vil truleg skje i løpet av neste stortingsperiode. Derfor bør dette spørsmålet bli ein viktig del av valkampen til hausten.

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *