Tun Media logo

PS: Øystein Heggdal skriver for Tun Media AS som eies av TINE (28%), Norges Bondelag (27%), Nortura (20%) and Landkreditt (8%) samt 800 enkeltmennesker. Et medieselskap som eies av de største produsentene av mat her i landet. Markedsandelen her er høy, og det kan se ut som om dette er et selskap som har stor økonomisk interesse av at radioaktivitet blir fremstilt som harmløst.

Aftenposten lot Øystein Heggdal slippe til med en artikel hvor han hevder at kjernekraft ikke er farlig, og hevder at miljøbevegelsen gjør felles sak med kullkraftindustrien. Dette ble for mye for Eva Fidjestøl og hun komponerte et motsvar til disse påstandene. Dette svaret syntes Aftenposten var for langt og trykket bare et kort svar. Derfor ønkser vi å gjengi det svaret som var tiltenkt artikelen:

«Kullkraftens nyttige idioter»

Øystein Heggdal sitt debattinnlegg i Aftenposten 4. desember kan ikkje stå uimotsagt. Det er mange grunnar til at vi som er med i miljørørsla er motstandarar av kjernekraft, utan å vere korkje idiotar eller kolkraft-tilhengarar. Likevel dukkar det av og til opp både kjende og ukjende miljøvernarar som forsvarar kjernekraft. Enten dei heiter George Monbiot, James Lovelock eller Øystein Heggedal vil eg hevde at dei må ha det til felles at dei manglar fagleg kunnskap på dette feltet, sjølv om dei kan vere ekspertar på andre område som gjeld miljø. Det er mange ting i denne artikkelen som er direkte feil, og at dei har reaktorar i Frankrike og Russland som brukar atomavfall som brensel er ønsketenking.

Eg er aktiv i Women`s International League for Peace and Freedom, (WILPF – IKFF), ein snart 100 år gamal organisasjon som har hatt eit klart standpunkt mot kjernekraft frå det blei lansert på 50-talet. Argumenta våre er mange, det finst fortsatt inga god løysing på problemet med brukt kjernebrensel, spreiing av atomteknologi og fissilt materiale fører til spreiing av atomvåpen (India. Pakistan), radioaktiv forureining kjem frå heile uranbrenselskjeden og  risiko for atomulukker og skade på helse og miljø frå menneskeskapt ioniserande stråling er uakseptabel.

I ein kort artikkel kan eg ikkje gå inn på alt dette, men vil konsentrere meg om det siste, sidan debattinnlegget tek så lett på både Tsjernobyl og Fukushima. I 1990 gjekk ei av medlemmene våre i WILPF, dr. Rosalie Bertel, i spissen for ei gruppe på 700 forskarar og legar som pressa International Commission on Radiological Protection (ICRP) til å sette ned grenseverdiane for radioaktiv stråling frå 50mSv/år til 20mSv/år for arbeidarar i atomindustrien og frå 5mSv/år til 1mSv/år for vanlege folk. Uavhengige forskarar hevdar i dag  at dette stemmer bra for ytre stråling frå røntgen og gammastråling, men det stemmer ikkje når det gjeld stråling frå menneskeskapte radioaktive isotopar som vi har fått inn i kroppen.

Dette er godt underbygd med forsking, spesielt etter Tsjernobylulukka. ICRP blir kritisert for at dei ikkje tek omsyn til dette, men nyttar ein utdatert modell for å fastsette stråledosar. Samanlikninga med kampen mot tobakk er god, men i dette debattinnlegget er han feil brukt. Det er ICRP og International Atomic Energy Agency (IAEA)  som svarar til  tobakksindustrien når det gjeld skade frå menneskeskapt ioniserande stråling. IAEA si viktigaste oppgåve er å promotere atomkraft i heile verda. At dei har teke på seg oppgåva å evaluere Tsjernobylulukka er som bukken og havresekken.

Det er radioaktive stoff spreidd i naturen og i mat og drikke som fører til at menneska i dei radioaktive sonene i Tsjernobyl, Fukushima og andre stader blir sjuke. Dette har forskarar i dei tidlegare Sovjetrepublikkane, Russland, Kviterussland og Ukraina forska på i over 25 år. Det er publisert tusenvis fagfellevurderte artiklar på russisk. Litt har blitt omsett til engelsk og presentert på internasjonale konferansar, til dømes i Genève i 1995 og i Kiev i 2001. men artiklane deira vart ikkje ein gong tekne med i referata frå konferansane.

I 2009 kom så endeleg ein stor rapport på engelsk frå forskarmiljøa i aust om Tsjernobylulukka sin innverknad på helse og natur. Han er utgitt av The New York Academy of Sciences og førd i pennen av professorane A. Yablokov frå Moskva og V. Nesterenko frå Minsk. Denne rapporten kjem til heilt andre resultat enn dei 7 FN organisasjonane med IAEA i spissen, som blir referert til i debattinnlegget. Yablakov og Nesterenko byggjer på omkring 5000 vitskaplege arbeid, store epidemiologiske granskingar i område med ulik grad av radioaktiv forureining, men med like livstilhøve elles. I tillegg er det gjort greie for laboratorieforsøk med planter og dyr. Denne rapporten har blitt møtt med total taushet hos oss. Dersom ein meiner at desse forskarane i aust tek feil, så måtte det vere interessant å påvise det og starte ein diskusjon med dei.

Ein rapport publisert i England av vestlege forskarar burde ikkje vere så lett og oversjå. I 2001 oppretta den britiske regjeringa ein breitt samansett komité (CERRIE) med forskarar frå mange ulike fagmiljø som fekk som oppgåve å granske dei noverande risikomodellane for «stråling og helse». Rapporten som kom i 2003 konkluderte med at i nokre tilfelle er effekten av ioniserande stråling i det minste ti gonger større enn vi før har rekna med. Dei vart og einige om at fenomen som «genomic instabillity», «bystander effects» og «minisatelitt mutation» er reelle. Komiteen tilrår meir forsking på eksponering frå radioaktive isotopar som er opptekne i kroppen. Rapporten vekte oppsikt og både ICRP og det franske strålevernet (IRSN) skreiv på sine websider at dei ville vurdere å ta omsyn til desse resultata i framtida og endre modellane for strålevern. Men dei også etterlyser meir forsking, og det har blitt stille omkring CERRIE-rapporten.

Tsjernobylulukka er ikkje over, og i Fukushima tek dei første meldingane om skjoldbruskkjertel-kreft hos barn til å komme. Barna i Fukushima treng kunnskapen og erfaringane frå Tsjernobylsonene. Vi treng journalistar som vil grave litt meir i kva som skjer i Fukushima og ikkje berre viser til TEPCO og IAEA sine rapportar som hevdar at «helseeffektane vil bli minimale».

Eva Fidjestøl
WILPF-Norway
www.ikff.no

Poster from IAEA friend

Like helsebringende som sigaretter var en gang?
(Reklame fra 1970.)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *