Det er vel første gong ein nyvald president i USA har blitt møtt med store demonstrasjonar på sjølve innsettingsdagen. Men så er Trump ein svært uvanleg president. Det einaste sikre med han er at me går usikre tider i møte. Innsettingstalen hans var som ei polert utgåve av alle valtalane han har halde. Han framstiller seg som talsmann for vanlege folk mot makteliten. Men kva vil skje når dei som stemte på han, oppdagar at han ikkje har rette “medisinen” til å gjera livet deira betre?

Trump er nå president, statsoverhovud og øvste sjef for verdas største militærvesen. Han vil styrka forsvaret, sjølv om USAs militærbudsjett er større enn alle dei sju neste på lista til saman! NATO er avleggs, har han sagt- og frå nå av gjeld det “America first!”.

Her til lands har me også opplevd noko uvanleg. Det siste året har offiserar og forsvarsanalytikarar gått offentleg ut og kritisert regjeringa i samband med langtidsplanen for forsvaret. Dei peikar på at det er fint lite att av hæren og heimevernet, som tradisjonelt har vore basis i forsvaret. Marinen fekk for nokre år sidan nye, dyre fregattar, men bortsett frå eitt, ligg dei ved kai og forfell p.g.a pengemangel til drift. Det planlagde flykjøpet vil truleg gjera situsjonen verre for hær og marine.

Det ser ut som om militærvesenet vårt ikkje lenger er innretta på å forsvara landet, men på å delta i USA/NATOs “out of area”-krigar. Me har Telemarksbattalionen, og i tillegg er det nå bestilt 52 superdyre kampfly, som visst eignar seg best til bombing. Me må visa oss som ein ”troverdig NATO-partner” heiter det. Då vil USA koma oss til hjelp viss det skulle trengast. Men viss ein tenkt fiende (les:Russland) skulle gå inn i Finnmark, vil då Trump med sitt motto “America first!” risikera krig med Russland for vår skuld?

Flya er ikkje bare dyre i innkjøp; dei blir også svært dyre in drift. Dessutan – noko som sjeldan blir nemnt – er dei svært skadelege for klimaet, med den enorme mengda drivstoff dei vil forbrenna. Kvar skal me bomba med desse flya? Skal me hjelpa Trump å “knusa” IS? Konsekvensen av all bombinga vår med F-16-flya i Libya var at IS fekk fotfeste også der.

Til nå har Stortinget bunde seg til å kjøpa 28 fly, men planen er altså 52. Vedtak om evt. kjøp av dei resterande flya vil truleg skje i løpet av neste Stortingsperiode. Derfor bør dette spørsmålet bli ein viktig del av valkampen til hausten. Me kan ikkje legga alle våre egg  i Trumps korg. “Ikkje fleire JSF-35 fly!”

Av Ingegerd Austbø, IKFF-medlem i Sandnes

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *