Intervju med Norges fredsminister I. Austebø mars ’21
Den 22. februar vart 4 amerikanske bombefly utplasserte på Ørlandet Flystasjon. Kva tenkjer fredsministeren om det?
Det er svært bekymringsfullt. Me er inne i ein ny kald krig. Både NATO og Russland har auka militær aktivitet i nord. Situasjonen er spent og farleg. Det trengst kloke statsledere som kan bryta opprustings-spiralen. Ein må erkjenna at også motparten har legitime interesser og spørja korleis eigne tiltak blir oppfatta. Regjeringa burde høyra på Tormod Heier ved Forsvarets Høyskole sine forslag om ‘Norden som lavspenningsområde’. Også Kai Eide, tidlegare diplomat og tilsett ved Nato-hovudkvarteret, uttrykker bekymring og oppfordrar til dialog med Russland. Eg undrar på om det norske folk eigentleg er klar over situasjonen? Vi trenger meir offentleg debatt om forsvarspolitikken
• Men etter Grunnlova er vel dette Regjeringas ansvar? For mykje snakk kan føra til lekkasje av militære hemmelegheiter og skada landet? Dette er viktig for oss alle. Me må kunna ha prinsipielle debattar utan å gå inn på militære detaljar.
• Kan du nemna noko som burde vore diskutert?
Det er fleire ting, som nok heng saman. Gradvis og i «i det stille» har det skjedd ein stor omlegging av sjølve Forsvaret, og ei avvikling av «basepolitkken» frå den første kalde krigens tid. Så er det deltakinga i såkalla «Out of area»-operasjonar. Me bomba i Libya og har i årevis sendt soldatar til Afghanistan.
• Det var vel på vegne av NATO, ikkje noko Regjeringa bestemte sjølv?
Nettopp. Det ser ut som Forsvaret i dag er meir innretta på å stå til teneste for USA/ NATO enn å forsvara Norge. NATO skal vera ein forsvars-allianse. Verken Libya eller Afghanistan hadde gått til angrep på noko NATO-land, så kva skulle me der? Å finna Bin Laden burde i prinsippet vore ei politi-sak, ikkje ein grunn til storstila invasjon.
