Intervju med Norges fredsminister A.Oltedal – mars 2020
Er menneske på flykt ei sak for fredsdepartenentet?
Ja. I 2018 døydde kring seks personar kvar dag på flukt over Middelhavet. I Norden, og i mange andre deler av verda, er ikkje flyktningpolitikken lenger human, og retten til å trygg migrasjon gjeld omtrent ikkje for dei som er utanfor EU og EØS .
Kva vil Fredsdepartementet vektlegge?
– Ivaretaking av menneskerettane er ei hovudsak for Fredsdepartementet. På området migrasjon er to sentrale menneskerettar i FN-pakta i dag sterkt truga: Retten til å søke asyl (artikkel 14), og retten til å bevege seg fritt (art. 13). I FN’s bærekraftsmål 10, om å redusere ulikskap i og mellom land, er trygg migrasjon eit sentralt mål. Landa skal ‘Legge til rette for migrasjon og mobilitet i ordnede, trygge, regelmessige og ansvarlige former, blant annet ved å gjennomføre planmessig og godt forvaltet migrasjonspolitikk’.
Kva kan eit Fredsdepartement gjere?
– Arbeide med å snu rådande politikk ’ Steng-grensene-og-kast-ut-dei-som-har-kome-politikk. Vi må arbeide for at Noreg skal ta i mot fleire asylsøkarar og fleire kvoteflyktningar. Vi må arbeide for at retten til trygg migrasjon skal bli reell. Det betyr slutt på farefulle reiser med plastbåtar fordi flyselskapa får bøter, slutt på opphopingsleirar i Hellas. Og slutt på system som skaper konsentrasjonsleirar i Libya.
