«Frontline Ukraine»

av Ingegerd Austbø, styremedlem IKFF

Putins forferdelege angrep på Ukraina kan ikkje forsvarast, men kanskje forklarast (iallfall delvis). Ein del av forklaringa ligg i dei dramatiske hendingane i Ukraina vinteren 2013-2014. Somme kallar det ein «demokratisk revolusjon», andre talar om statskupp, m.a. Richard Sakwa.

          I 2016 kom ei oppdatert utgåva av boka hans, «Frontline Ukraine». Sakwa er professor i historie ved Kent University, med europeisk og russisk historie som spesiale. Boka er på godt og vel 300 sider, der dei siste 30-40 sidene er kommentarar med kjeldetilvising, indeks og boklister. Dette tyder på grundig arbeid. Derfor er det vanskeleg å forkasta framstillinga hans som t.d. konspirasjonsteori, sjølv om han fortel ein del sjokkerande ting.  Sakwa gir eit kort riss av Ukrainas historie, men fokus er på tida etter Sovjets oppløysing, med hovudvekt på dei dramatiske hendingane i 2014 og tida etter. Dagens grenser stammar frå 1940-talet. Historisk har dei vestlege områda vore under austerriksk-ungarsk og polsk herredøme, mens dei austlege og sør-austlege delane har lang tradisjon for kontakt med Russland.

          Då Ukraina skulle laga grunnlov, stod to syn mot kvarandre når det galdt statsform. «Monistane», mange ekstreme nasjonalistar, ville ha ei sterk sentralmakt som skulle støtta ein einsarta ukrainsk kultur, med ukrainsk som einaste offisielle språk. «Pluralistane» ville ta omsyn til mangfaldet i landet og ha ei føderal ordning, med både russisk og ukrainsk som offisielle språk. Dessverre vann «monistane».

          Som i Russland finst det også i Ukraina ei gruppe mektige oligarkar, som har stor politisk makt. T.d. er/var både president Janukovitsj og president Poroschenko oligarkar. Rakwa opplyser at 100 personar kontrollerer 80 – 85 prosent av Ukrainas verdiar, og kalla det «oligark-demokrati». Folk hadde såleis gode grunnar til å protestera. På slutten av 2013 samla det seg mange demonstrantar på Maidan-plassen. Dei kravde slutt på korrupsjon og «kleptokrati». Som på Thahrir-plassen i Kairo oppnådde dei dessverre ikkje måla sine. Demonstrasjonane vart etter kvart «kuppa» av ekstreme nasjonalistar/fascistar, stort sett frå vest-Ukraina.

        Bandera var ein fascist som under krigen periodevis samarbeidde med dei tyske nazistane, t.d. når det galdt jødeutryddinga. Ideologien hans har levd vidare, og i 2010 vart han erklært «Folkehelt», og det vart reist statuar av han. Partiet Svoboda har trekk frå denne ideologien. I tillegg finst «Høgre Sektor», som er svært valdeleg. Begge hatar russarar og jødar. 1. januar 2014 marsjerte 15 000 inn på Maidan-plassen med faklar for å feira Banderas 100 års-dag, og dei sette opp bilde  av han på plassen. Ulike milits-grupper for hardt fram, og i perioden 30/11-2013 til 20/2- 2014 vart 15 politifolk og 77 aktivistar drepne, 900 såra. Gruppene okkuperte offentlege bygg og etablerte eit Maidan Råd som skulle erstatta nasjonalforsamlinga. (Seinare på året vart det vald ny nasjonalforsamling.) Dette rådet avviste ein avtale som var forhandla fram med hjelp av ulike europeiske politikarar. Det vart også kravd at president Janukovits skulle gå av. Nokre dagar seinare kom han seg til Russland etter å ha kome unna fleire attentat-forsøk.

            Regjeringa som vart oppretta etterpå, hadde Svoboda-folk i mange viktige funksjonar, og «oligark-demokratiet» heldt fram, noko omorganisert. I 2014 kunne såleis Putin hatt dekning for å hevda at styret var  – delvis – fascistisk. Victoria Nuland, «assistant secretary of state» i USA, var fleire  gonger i Kyiv og besøkte Maidan-plassen. Ho var også fornøgd med den nye statsminister-utnemninga. Her var det usemje mellom henne og EU, så ho hadde ein stygg kommentar om EU. Både EU og USA hadde i mange år brukt milliardar til støtte for ulike grupper i landet, truleg «bearbeida» dei slik folkemeininga.

          Også i andre byar enn Kyiv var det demonstrasjonar. I Odessa vart det i mars og april halde fleire demonstrasjonar. Somme var til støtte for «Maidan-regjeringa, andre demonstrerte mot den. 300 anti-Maidan- demonstrantar oppretta ein telt-leir. 2. mai marsjerte ca. 1500 Maidan-tilhengjarar gjennom byen, m.a. 500 «Red Sector» medlemmer, som hadde kome til byen. Hundrevis av ekstrem-nasjonalistar  gjekk til brutalt angrep på telt-leiren. Dei jaga mange inn i bygningen til fagforeininga, som låg like ved. Med molotovcocktailar tende dei på bygningen. Dei som prøvde berga seg ved å hoppa ut vindauge, vart brutalt klubba i hel.  Offisielle tal fortel at ca. 50 vart drepne. Andre hevdar at talet var høgare.

        Då Krim vart overført til Ukraina i 1954, var det mykje av praktiske grunnar. Det skulle byggast ein kanal som skulle føra vatn frå Ukraina til den heller tørre Krim-halvøya. Då var det mest praktisk med felles administrasjon.  Då Sovjet vart oppløyst, godkjende Russland Ukrainas grenser, men fekk ein avtale om Sevastopol, den viktige hamna for Svartehavs-flåten. Under Sovjet-tida var denne rekna som felles-sovjetisk, og Russland kunne såleis gjort krav på den ved oppløysinga av Sovjet. Russland vart nemleg anerkjent som Sovjets «oppfølgjar» for saker som galdt heile Sovjet,  som internasjonale avtalar o.l. Jeltsin fekk seinare kritikk for ikkje å ha ordna dette.

         I 2008 kom det løfte om at  Ukraina på sikt kunne bli både Nato- og EU-medlem. Erkenasjonalistane støtta dette, meir p.g.a. Russland-hat enn tilslutning til EU sine prinsipp. Dette uroa Putin. Han hadde også opplevd at USA/Vesten i fleire tiår hadde behandla han arrogant og avvist alle hans forslag. På tidleg 1990-tal var det tale om å få til ei all-Europesk sikkerheits-ordning.  Putin ivra for «Greater Europe» med fleire makt-senter. EU ville ha «Wider Europe» med Brussel som makt-sentrum.

        Etter oppløysinga av Sovjet kom det fleire løfte frå Vesten om at NATO ikkje skulle utvidast austover. Likevel begynte president Clinton med det, etter påtrykk frå rådgivar og «hauk» Brzinski. Det kom protestar frå medlemmer i kongressen ,og  den erfarne og respekterte diplomaten Kennan advarte sterkt mot det. Han hadde vore stasjonert i Moskva i fleire år.  Etter fleire rundar er nå dei tidlegare medlemmene av Warszawa-pakta NATO-medlemmer. Det same er fleire tidlegare Sovjet-republikkar. Viss Ukraina også skulle gå inn i NATO, kunne det bety tap av Sevastopol. Dessutan hadde president Janusjenko uttalt at base-avtalen frå 1997 ville bli avslutta i 2017. Dette vart vel avgjerande for Putin.

          I 1991 vart det halde ei folkeavrøysting på Krim, der over 90% stemte for ein sjølvstendig republikk. I 2014 vart det også halde folkerøysting, som viste stort fleirtal for tilslutning til Russland. Sidan der ikkje var utanlandske observatørar, vil ikkje Vesten godkjenna den. Russland hadde i 2014 stasjonert ca. 12 000 soldatar på Krim, halvparten av det base-avtalen tillet. Det var nok slike soldatar som -utan kjenneteikn- tok flyplassen i Simferopol, og seinare andre offentlege bygningar. Putin kalla soldatane lokale frivillige. Det var i alle høve ei ublodig affære, der ingen vart drepne. 18. mars 2014 vart Krim offisielt overført til Russland, noko Vesten seier er  folkerettsbrot.

         I Donbass kravde opprørarane meir regional makt, og at russisk igjen skulle tillatast som offisielt språk, noko «monistane» nekta. Somme hevdar et Putin stod bak opprøret, men han var til å begynna med nølande med støtta til dei.

Etter 2016 og før krigen hadde det  truleg skjedd ein del  positivt i Ukraina med tanke på demokrati, men landet var ikkje «i mål». Dagens president fekk over 70 prosent oppslutning ved valet. Han gjekk til val på å forhandla med opprørarane i Donbass og få slutt på den forferdelege borgarkrigan. Men dette løftet vart ikkje oppfylt; han vart nok pressa av dei ytterleggåande nasjonalistane.

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *