Uttalelse fra IKFFs landsmøte 2019

Alle har rett til menneskeleg behandling, uansett kven du er, det er kjernen i menneskerettane. Dei sosiale og materielle forholda i flyktningleiren Al Hol nordaust i Syria er ekstremt vanskelege og ikkje i tråd med menneskerettane og krigens folkerett. Dette går særleg ut over kvinner og barn. Regjeringa har fått melding frå IS kvinner om at dei saman med barna sine ynskjer å returnere til Noreg.

Norske styresmakter må aktivt arbeide for at IS flykningar som er norske statsborgarar, – mest hastar det for barna og deira mødre – kan kome til Noreg. Når dei kjem, må dei bli møtt i tråd med dei lover og reglar som gjeld for borgarar i vårt samfunn. Det vil seie å få si sak handsama ut frå gjeldande rett, og å bli ivaretatt ut frå dei ordningar som gjeld i vårt velferdssamfunn.

IKFF ber norske styresmakter tilrettelegge for at norske statsborgarar som har vore tilknytta IS, og som ynskjer det, kan kome attende til Noreg. Vi viser til at frivillige organisasjonar i samarbeid med UNHCR er villige til å bidra til å hente dei heim.

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *