av IKFF medlem Ingegerd Austbø
Mangeårig forskar ved PRIO, Ola Tunander har i år gitt ut boka «Hybris», Kavaler Forlag (svensk). NB! Tittelen karakteriserer oppførslen til USA/NATO frå 1990-talet og framover. Etter den tid synest ikkje politikarar, media- jamvel mange forskarar- vera interesserte i å forstå korleis motparten tenkjer. Det blir svart/kvitt-tenking, «oss gode» mot «dei vonde».
Fullskala invasjon
Det er vanskeleg å oppsummera/ få med alt i boka, for den inneheld mykje kunnskap frå eit langt forskarliv. Men «den raude tråden» er Ukraina-krigen. Tunander er kritisk til den allment aksepterte «sanninga», som er omlag slik: Heilt uprovosert gjekk Russland til fullskala invasjon av Ukraina, fordi Putin vil gjenskapa det gamle russiske/sovjetiske imperiet. Uttrykket «Fullskala invasjon» vart straks tatt i bruk av leiande politikarar, og av media. Men det dekker ikkje dei faktiske forholda. Ein militær «tommelfingerregel» seier at ved okkupasjon av eit anna land bør det vera ein soldat pr. 40-50 innbyggarar i landet. Det er opplyst ulike tal, ei Pentagon-briefing seier 10 000. Viss målet var okkupasjon, burde talet på soldatar vore høgare, skriv Tunander. Dessutan vart det nesten ikkje brukt marine og flyvåpen. Heller ikkje starta invasjonen med bombing av byar, slik USA plar gjera.
Provokasjon
Tunander peikar på NATO- utvidinga, som har provosert Russland. Trass i løftet som vart gitt til Gorbatsjov om at NATO ikkje skulle utvidast austover («not one inch»), vart stadig fleire tidlegare austblokk-land innlemma. Ekstra ille vart det i 2008 då det vart snakk om at Ukraina kunne bli medlem, sjølv om det ikkje var noko uttalt ønske frå folket. Mellom 1991 og 2014 var det bare 20% oppslutning om NATO-medlemskap. Putin uttalte då at dette kunne føra til krig. Tunander skriv at Putin ikkje er interessert i å gjenskapa det gamle imperiet, men at han ser det som ein eksistensiell trussel å få NATO-installasjonar så nær – 50 mil frå Moskva. Dette kan sjåast som ein parallell til Cuba-krisa, då USA reagerte på å få sovjetiske våpen så nær Washington. Putin erklærte i 2022 at han ikkje ville okkupera ukrainsk territorium, men han kravde ukrainsk nøytralitet.
Nazistisk arv
Me får høyra at Ukraina forsvarer demokratiet i Europa, medan Putin snakkar om å «avnazifisera» Ukraina. I det grundige historie-kapittelet skriv Tunander om Bandera og andre som samarbeidde med dei tyske nazistane under krigen. Ideologien har levd vidare vest i landet, og Bandera er erklært som nasjonal helt. Alt då Ukraina vart sjølvstendig, vart det stifta eit høgre-ekstremt part, seinare kalla Svoboda. Eit anna blir kalla Høgre-sektor. Desse to har arrangert demonstrasjonar for å hylla Bandera på fødselsdagen hans. (Bilde i boka!) Ytre høgre tok kontroll over dei dramatiske hendingane i 2014 – i samarbeid med CIA og Nuland, USA sin vise-utanriksminister. Statsminister Janukovitsj måtte flykta for å berga livet. Den nye regjeringa forbaud russisk som offisielt språk, noko som førte til opprør i aust og fleire år med borgarkrig. Kulturelt og språkleg er det skilnader mellom aust- og vest-Ukraina. Den austlege delen er stort sett russisk-språkleg, og det har vore økonomisk og kulturelt samarbeid med Russland. Det same gjeld i større og mindre grad i sør, spesielt på Krim. I 2014 nøydde Putin seg med å få kontroll over Krim, der den livsviktige Svartehavsflåten ligg. Då Donetsk og Luhansk bad om å få bli innlemma i Russland, sa han nei. Men ei folkeavstemming på Krim i 1991 før oppløysinga av Sovjet, viste at 93% ville tilhøyra Russland.
Ulik forsvarsstrategi
USA og Russland tenkjer ulikt når det gjeld sikkerheitsstrategi. USA har tradisjonelt snakka om «avskrekking» og «oppdemming». Våpen og missilar på basar nær Sovjet/Russland skal tena til avskrekking. I tillegg til den defensive strategien med avskrekking og oppdemming, har USA også hatt ein offensiv «roll back»-strategi, altså å «driva tilbake» Sovjet/Russland for å vinna over landet.
Russland har historisk vore invadert vestfrå fleire gonger, Karl XII, Napoleon og nazi-Tyskland. Når det gjeld sikkerheitstenking har derfor «nøytrale soner» spelt ei viktig rolle. Under den kalde krigen fungerte Norden som ei slik sone. Finland og Sverige var nøytrale, mens NATO-landet Norge ikkje tillet utanlandsk basar i fredstid. På liknande måte fungerte dei sentral-europeiske landa Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia som buffersone, ettersom dei ikkje var med i Sovjetunionen.
Dette er nå heilt forandra. Sentral-Europa er innlemma i Nato. Det same er Finland og Sverige. I tillegg har dei nordiske landa inngått bilaterale avtaler med USA (DCA-avtalar) som lar USA oppretta basar i landa (totalt 47!). Desse basane kan bli bombemål. Tunander skriv: «Nordisk politikk under den kalde krigen strevde etter å forvandla Norden til eit lågspennings-område. Det tente oss godt då, og det burde tena oss godt også i dag.»
Folkeretten
Tunander drøftar folkeretten grundig, med mange historiske eksempel. Han skriv m.a. at ikkje bare bruk av våpen, men også trussel om bruk er brot på FN-pakta.
Media
Som nemnt tidlegare brukar «mainstream media» nesten konsekvent uttrykket fullskala invasjon», og dei presenterer den same «offisielle sanninga». Tunander verkar frustrert/fortvila over at det ikkje er råd å koma til orde der med andre syn.
Sprenginga av gass-leidningane i Austersjøen
Eit grundig, detaljert kapittel fortel om sprenginga av North Stream 1og 2 den 26. september 2022. Ein mektig elite i USA hadde i årevis arbeidd for dette. Ein grunn var økonomisk; USA ville selja meir flytande gass. Dessutan ville dei ikkje at Europa skulle bli knytte til Russland, noko som kunne føre til mindre USA-makt i Europa. Sprenginga vart svært grundig planlagt, med hemmeleg plassering av sprengstoffet ei stund i førevegen. Tunander har detaljerte opplysningar om når fly tok av frå ulike basar m.m. Det var viktig for USA å laga ei «røykteppe» for å få lagt mistanken på andre. Dei prøvde å få med Norge, som jo kunne ha økonomiske fordelar ved fjerning av gass-leidningen. Ein ukrainsk seglbåt drog omkring i mange hamner, og det vart skapt inntrykk av at dei var interesserte i leidningen. Viss Ukraina sprengde leidningen kunne det sjåast som del av krigføringa.
Korleis vil krigen enda?
Det kortaste svaret er: Når Ukraina ikkje har fleire soldatar. Russland har fleire ressursar enn Ukraina, og Ukraina misser fleire soldatar og kan ikkje vinna krigen. Tunander vurderer fleire ulike måtar konflikten kan utvikla seg militært. Så lenge vest-maktene hevdar at russisk siger truar Europa eksistensielt, ser det mørkt ut, og det kan i verste fall enda med atom-krig. For Russland er det livsviktig å ikkje få NATO «på dørstokken». Dette har Putin sagt mange gonger sidan 2008. Den «realistiske skulen» i vest, med Kissinger og Maersheimer, har lenge akseptert dette. Det er viktig å forstå at også Russland har sikkerheits-interesser, hevda dei, og den einaste måten å overleva på er gjennom «felles sikkerheit».
I eit tillegg frå mars 2025 skriv Tunander om amerikanske vurderingar i «Annual Threat Assessment of the US Intelligence Community». Der står det at Russland er i ferd med å pressa Kyiv til forhandlingar som gir Moskva det dei ønskar. Å halda fram med krigen kan føra til farleg eskalering, evt. atom-krig. Utmattingskrigen er militært sett til Russlands fordel. Tida er ikkje på Ukrainas side. Tunander skriv at europearane vil fortsetta krigen, mens Trump-administrasjonen har endra syn. Krigsminister Hegseth sa i februar at ein må ha eit realistisk bilde av det som skjer, og han konkluderer i realiteten med at ein må akseptera at Russland får ha Krim og dei fire fylka i aust, og at «rest-Ukraina» blir nøytralt.
Våren 2022 hevda både Moskva og Kyiv at Russlands mål var eit nøytralt Ukraina. Dei som hevda at Russland ville legga Ukraina under seg, var ein amerikansk-britisk politikar- og medie-elite. Det var same neo-konservative individ som var aktive under dei dramatiske hendingane i Kyiv i 2014.
Avlutning
For ein amatør kan det vera krevande å få med seg alt fagstoffet i denne boka, og å gi ein fullstendig presentasjon. Men den har menge interessante og for meg, nye opplysningar. Det er synd at ikkje fleire av dei kjem fram i media.

0 kommentarer