NORGE GJER SOM USA VIL
I 2022 signerte Norge ein bilateral forsvarsavtale med USA. Den gav USA rett til å oppretta militærbasar på fire såkalla «omforente områder». Viss Stortinget godtar tillegget regjeringa har gått inn for i 2024, blir dette auka til til 12 – utan offentleg debatt. IKFF (Internasjonal Kvinneliga for Fred g Frihet) har sendt eit høyringssvar til Utanriks- og forsvarskomiteen, der det blir peika på ein del oppsiktsvekkande sider ved avtalen. Same type avtale har USA fått med andre nordiske land, så totalt får USA 47 basar i Norden. Basane skal trygga oss mot russiske angrep, heiter det.
USA står i ein klasse for seg når det gjeld militær kapasitet. Den er mange gonger så stor som Russland sin. I tillegg er USA militært til stades over store delar av verda. Før dei nordiske landa signerte sine avtalar, hadde USA over 800 militærbasar i 80 land, mens Russland berre har nokre få.
Avtalen gir USA fri tilgang og bruksrett på dei «omforente områda». Norge har ikkje lov til å kontrollera kva USA fører inn på basane utan godkjenning frå USA. Atom-våpen kan lagrast dersom USA finn at det er «tjenestlige behov» for det. Dersom Norge og USA skulle bli ueinige om enkelte ting i avtalen, er det USA sine vurderingar som skal gjelda. Avtalen forbyr å bringa evt. usemje inn for nasjonale eller internasjonale rettsinstansar; heller ikkje NATO kan vurdera dette. Amerikansk jurisdiksjon skal altså råda på basane og for mannskapet. Med dette gir Norge frå seg suvereniteten over desse områda, noko som må vera i strid med Grunnlova, § 1. I tillegg skal amerikanarane fritt kunna bruka norsk infrastruktur mellom basane.
Då Norge vart med i NATO, tok politikarane nokre kloke atterhald, nemleg forbod mot utanlandske basar i fredstid og forbod mot lagring av atomvåpen. Dessuten var det militære nærveret i Finnmark relativt lite. Dette vart gjort for ikkje å provosera Sovjet, seinare Russland. Dagens baseavtale inneber det stikk motsette. Kan dette tena Norge og gjera oss trygge? Stormakta USA og småstaten Norge har ikkje same interesser.
For Norge er det viktig å ha eit godt forhold til vår store nabo i aust. I fleire år var det fredeleg og venskapeleg kontakt over grensa heilt i nord. Dette burde ein prøvd å oppretthalda. For USA er rivaliseringa med Kina og Russland det viktigaste. Hovudstrategien synest vera avskrekking og fleksibilitet. USA vil kunna ta i bruk ulike basar som ligg «lagleg» til. Basane aukar den militære spenninga i nord, og verkar nok provoserande på Russland. Me risikerer at våre område kan bli bombemål i ein stormaktskonflikt. Avtalen ser altså ut til å tene USA sine interesser, men ikkje Norge sine.
