Det har vorte gamaldags å heve fana for fred og nedrusting. Ordet solidaritet har forsvunne ut av partiprogram. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram drog til Ukraina med våpen og norsk Akevitt som gåve. Gesten får ein til å undrast om Gram forvekslar krig med ein hyttetur med gutane og brettspelet Risk. Norsk forsvarspolitikk er ikkje ein leik.
Ifølge den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen, ICAN brukte dei ni atomvåpenstatane til saman 1660 000 norske kroner pr minutt på atomvåpen. Det er i følgje IKFF det same som årsløna til 166 norske sjukepleiarar på ein time. Norge brukte i 2023 1,8 prosent av BNP på forsvar. Det er 20 prosent meir enn i 2022. Sjølv om Norge gav Fredsprisen til ICAN i 2017, stør ikkje Norge FNs atomvåpenforbod. I Forsvarskommisjonens utredning NOU 2023:14 står det at eit forbod vil vere i strid mot NATO-avtalen. Fredsaktivistar i heile verda krev meir pengar til fredsarbeid. Saman med miljø bevegelsen skrik ein opp om korleis krig øydelegg jordsmonn og dyrkbar jord. Folk i humanitære organisasjonar set eige liv på prøve for å gje mat og medisinar til sivile. Men media ser dei ikkje. Dei ser berre dei menn som og får skrive historia.
- mai går vi i tog for mindre forskjellar og betre fordeling av godar i samfunnet og von om fred. Vi går for våre brør og søstre som lir og vi går for truga verdiar som solidaritet og fred og for sjølve menneskeheita.
God 1. mai!