Lesarbrev
Me ynskjer då alle fred, no meir enn på lenge.
Me har departement for alle viktige politikkområde. Mellom dei eit Klima- og miljødepartement, som skal syta for heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk, og eit Forsvarsdepartement med ansvar for utforming og iverksetjing av norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk.
Kvifor har me då ikkje eit Fredsdepartement? Det mest nærliggjande svaret er at me lenge har teke freden i vårt eige land for gjeven. Men no kjenner me oss truga, og derfor rustar me no opp, på tradisjonelt vis.
Regjeringa føreslår eit forsvarsbudsjett på 110,1 milliardar kr for 2025. Den største auken, 7 milliardar av total auke på 19,2 milliardar, skal gå til investeringar i nytt materiell, m.a. nye F-35 kampfly, nye ubåtar, maritim overvakingskapasitet, maritim helikopterkapasitet, artilleriammunisjon og sensorar for militær luftromsovervaking.
«Krig er forsøk på quick fix,» seier John Y. Jones, i eit intervju hjå Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF), 24.10.24 . «Fredsarbeid (derimot) er langsiktig arbeid. Det er å stoppa fiendebilde, auka kontakt og handel, også med land som mange definerer som «fiendar». Me har ikkje fred med Sverige fordi me har tanks på grensa, men fordi me har bygd respekt, forståing, kontakt, handel og tillit over hundreåra.»
Eit Fredsdepartement med ein fredsminister skal vita at fred må byggast over tid. Målet for regjeringa må vera å koma krig og aggresjon i forkjøpet. Ulike samfunnsaktørar må vera aktive på tidspunkt der det ennå går an å gjera noko.
Det me verkeleg må rusta opp no, er viljen til å bygga fred. Me må tenkja langsiktig. Det er ikkje nok å rusta opp med militære investeringar. Me må investera i fredsarbeid, på alle område og nivå i samfunnet.
Kvifor har me ikkje eit Fredsdepartement i Noreg når me så sterkt ynskjer fred?
Noreg var tidleg ute med å få Miljøverndepartement, til stor inspirasjon for mange andre land. Me blir ikkje fyrst i verda med å få Fredsdepartement, men me vil vera til inspirasjon for fleire.