Uttalelse fra IKFFs landsmøte 2019

WILPF-Norge/IKFF ber Storting og Regjering:

a) Avvisa Trumps og Stoltenbergs krav om 2% auke i forsvarsbudsjettet

b) Ikkje kjøpa fleire F-35-fly enn me alt har bunde oss til.

c) Signera FNs atomvåpen-forbod

d) Arbeida for å få i gang samtalar/forhandlingar med Russland, med sikte på nedrusting, minka spenning i nord og gjenoppretting av tilliten.

e) Offentleggjera rammeavtalen mellom Norge og USA om Vardø-radaren. Stortinget må informerast betre og media må få innsyn.

a) Verdas totale militær-utgifter i 2017 var 14000 milliardar kroner (eit tal med 12 nullar) Av dette stod USA for 35%, resten av Nato for 20%, Kina for 13% og Russland 4%. I perioden 2013-17 auka verdas militær-/våpen handel med 10%. Import-auken var størst i Midt-Austen. Saudi-Arabia var verdas største våpen-importør. Dessutan auka også Egypt, Israel og Quatar importen. Dei 5 største våpen-eksportørane var USA, Tyskland, Russland, Kina og Frankrike. USA eksporterte til 98 land. Russland stod for 22% av all handel. Verdas største våpenprodusent, Lockheed Martin, selde for 380 milliardar dollar, meir enn Russlands ti største produsentar. Desse tala er frå 2018-rapporten frå SIPRI, Stockholms Fredsforskingsinstitutt. Tal frå Forsvarsdepartementet viser at det norske forsvarsbudsjettet for 2018 var litt under 110 milliardar, for 2019 føreslår regjeringa ein auke på 4 milliardar.

Militærutgiftene er enorme. Dei representerer ein meinigslaus og farleg ressursbruk når me står i fare for å øydelegga livsgrunnlaget på jorda. Me treng ein “New Green Deal”, der store delar av våpen-industrien blir erstatta ev “grøne” arbeidsplassar, og militærvesenet må koma med i klimarekneskapen.

b) F-35 flya er enormt dyre. Dessutan manglar det teknikarar og pilotar til flya, og det kostar fleirfoldige millionar å utdanna ein pilot. Me må ikkje risikera eit nytt Libya-“eventyr”, som jo fekk katastrofale konsekvensar.

c) Atomvåpen trugar menneslektas eksistens og må forbys.

d) Kloke statsmenn aksepterer at også motparten har legitime interesser. Men USA og NATO peikar på Russland som ein farleg fiende. Russland har aldri truga Norge. Den norske basepolitikken under den første kalde krigen hadde som mål å ikkje provosera Sovjet. Dagens forsvars-/militærpolitikk er svært provoserande for Russland. Nå er amerikanske soldatar stasjonerte i Norge i fredstid, tett opp til Russlands grense. Kva er Russlands reaksjon på Natos 2%-mål? Russland kan nok ikkje halda tritt med dette. Vil Russlands svar vera å satsa meir på atom-våpen?

e) Radaren i Vardø er resultat av hemmeleg samarbeid mellom USA og Norge sidan 1950-talet, utanfor Nato. Radaren er svært viktig for USAs etterretning og er underlagt National Security Agency. Den er USAs “øyrer og auger” i nord-områda. Under Obama vart det sett av 10 milliardar kroner til oppgradering. Nyleg kom fleire skip direkte frå USA til Finnmark med nytt utstyr. Norske styresmakter vil ikkje gi informasjon om dette. Men den oppgraderte radaren skal vera i drift i 2020.

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *