Til regjeringa
IKFF vil spreia kunnskap om og forby atomvåpen
IKFF vil vera pådrivarar for å spreia kunnskap om konsekvensane ved bruk av atomvåpen, jo fleire slike våpen desto større fare for at dei vil bli brukt. Me vil samarbeida med andre organisasjonar for å danna ei sterk rørsle mot dei som vil ha oss til å tru at atomvåpen er eit tryggingsmiddel.. Me vil og halda fram med aksjonar og opplysingsarbeid for å få Noreg til å skriva under på FN-traktaten om forbod mot atomvåpen. Sjølvsagt vil me, med alle krefter, hindra at det kjem atomvåpen på norsk jord.
BAKGRUNN
Verdssituasjon prega av frykt
Verdssituasjonen er prega av frykt. Etter at Trump kom til makta for andre gong har det blitt meir og meir uforutsigbart på kloden vår. Alle felles reglar som skulle sikra oss fred og tryggleik er i spel, både dei som handlar om nedrusting og dei som handlar om sikring av klima og miljø.
Verdshegemoniet
Dei mest pengesterke har stor politisk påverknad og styrer mykje i verda. Me ser dei vil ha meir. Våpenindustrien blømer, mange haustar meir pengar og makt når opprustinga skyt fart. Dei rikaste aukar formue og politisk herredøme i høgt tempo, medan kampen mot fattigdom har stoppa opp. Samstundes lir sivilbefolkninga i mange land kraftig på grunn av krig.
Atomvåpen i Europa
Etter at USA styrka retorikken om å ta over Grønland og 28.februar 2026 og starta åtakskrig på Iran saman med Israel, ser det ut til at frykta hos leiarane våre i Europa er i ferd med å gå over til blind frykt, som gjennom media smittar over på befolkninga. Saman med eit mantra om at opprusting skaper fred, har det blitt dagsaktuelt å vurdera ein uavhengig europeisk atomvåpenparaply med fleire atomvåpen plassert rundt om i europeiske land, inkludert Noreg. Frå før er amerikanske atomvåpen gjennom Nato utplassert i Belgia, Nederland, Italia, Tyskland og Tyrkia. Frankrike og Storbritannia har eigne atomvåpen. No er det snakk om at fleire europeiske land bør utvikla desse forferdelege våpena. Dette sett ikkjespreiingsavtalen under press, undergrev FN-pakta og trugar den grunnleggjande trygginga me har mot bruk av slike våpen. Det er berre eit knapt år sidan me markerte at det var 80 år sidan USA slapp atombomber over Hiroshima og Nagasaki med dei grufulle konsekvensane dette fekk for sivilbefolkninga i dei to byane.
Atombomber brukt i krig er svært øydeleggjande
I følgje FN er det over 12000 atomvåpen i verda. Dei vanlegaste bombene har nesten sju gongar så høg sprengkraft som bombene amerikanarane brukte i 1945, og mange har mykje høgare destruksjonskapasitet. Sprenger ein ei slik bombe vil det føra til altomfattande øydelegging innanfor 4,5 km i radius rundt der bomba eksploderer, i tillegg kjem heftige brannar, radioaktivt nedfall og skadar utanfor dette området. Etter ein avgrensa krig med atomvåpen vil mykje partikkelstøv bli kvervla opp i atmosfæren og gje akutte klimaendringar (atomvinter) som kan gjera det uråd å dyrka mat i store delar av verda.
Produksjon og testing av atomvåpen inneber og naturøydeleggjande prosessar, til dømes urangruvedrift, transport av radioaktivt materiale, radioaktivt avfall og vedlikehald av våpena.
Jo fleire atomvåpen, desto større trugsel om at dei vert brukt.
Fredeleg helsing, på vegne av landsmøtet i IKFF 2026
Ingeborg Breines leiar Rigmor Bjerche leiar nestleiar
Lenker:
https://fn.no/tema/konflikt-og-fred/atomvaapen
Klimakonsekvenser
https://www.ikff.no/wp-content/uploads/2025/07/Stopp-atomgalskapen-250120.pdf

0 Kommentarer