Uttalelse fra IKFFs landsmøte 2019
Gjennom nasjonal politikk og internasjonalt samarbeid er asylretten blitt sterkt svekka. Noreg er i dag mellom dei land i Europa som har ein svært streng asylpolitikk. Dette er ikkje i tråd med det biletet Noreg har av seg sjølv som ein land som sterkt vektlegg humane verdiar, nedfeldt i i grunnlov og rettssystem.
I 1930 åra, då Noreg stengte grensene for mange asylsøkarar frå Nazi-Tyskland, var IKFF ein av fleire organisasjonar som sloss mot den strenge praktiseringa av asylretten.
IKFF meiner arbeidet for eit sterkare vern om asylretten betyr endringar på tre område:
A) Betre rettstryggleiken for asylsøkarar som er i landet.
Vi ber om:
-
At innstrammingstiltak som vart innført i samband med flyktningkrisa i 2015 vert oppheva.
-
At barns rettar ikkje vert sett tilsides av innvandringsomsyn.
-
At det vert slutt på å tilbakekalle statsborgarskap og opphaldsløyve for flyktningar
-
At den rimeligheitsvurdering som tidlegare gjaldt, vert gjeninnført.
B) Ta i mot fleire flyktningar.
Gjenoppta relokalisering av flyktningar frå Hellas. Gjennom internasjonalt samarbeid gjere det lettare å søke om asyl i Noreg. I dag er grensene omtrent stengt m.a. gjennom avtalar med flyselskapa, og asylretten er truga.
C) Motarbeide årsakene til migrasjonskrisa; krig, valdelege konfliktar og urettferd. Arbeide gjennom FN’s bærekraftsmål for å skape livskår som gjer at menneske ikkje flyktar frå sitt eige land.