Med rette fordømer NATO Russlands folkerettsstridige og brutale krig mot Ukraina. Men kva er reaksjonen? Jau, rop om større militærbudsjett i alle land. Kvifor det? Skal NATO «gå hen og gjøre likeså»? Det har alt NATO- land gjort andre stader i verda. Er det snakk om hemn og bombing av russiske byar? I så fall har vel NATO alt våpen nok til det. NATO brukar noko slikt som femten gonger meir på militæret enn Russland. I 2019 brukte USA 731,8 milliardar dollar, Russland 65,1 milliardar dollar (tal frå SIPRI). Det er enorme tal, vanskelege å fatta for «vanlege dødelege», som må betala for dette gjennom skattar, og som risikerer å bli offer i tilfelle krig.

Når me nå gjennom daglege reportasjar har fått sjå øydelegginga og lidinga våpenbruk fører til, burde den fornuftige, menneskelege reaksjonen vore : «Me må kvitta oss med desse våpna». Me treng ikkje opprusting, men forhandlingar og nedrusting.

Bare militærindustrien tener på opprustinga. Ein dei største produsentane av militært utstyr er det amerikanske selskapet Lockheed Martin, som har avdelingar i 42 delstatar. Selskapet har 70 lobbyistar, som arbeider for å påverka politikarane. Fleire av desse er tidlegare offentlege tenestemenn.  Arbeidsplassar er eit nyttig argument for dei. I tillegg gir selskapet økonomiske valkamp-bidrag, og somme Kongress-medlemmer har aksjar i selskapet. Før 2020-valet brukte LM nesten 7 millionar dollar på ulike kandidatar. I 2021 brukte USA 778 milliardar dollar på militæret. Av dei gjekk 75 milliardar til LM. «Krig er bra for business».

«Tredje verdenskrig» må vera verdas «krig» mot klima- og miljø-øydeleggingane- og det hastar! Å redusera militærvesenet ville vera eit viktig bidrag. Å produsera alt utstyret krev store ressursar, og i bruk ( t.d d agens store øving i Nord-Norge) gjer dei stor skade. Dei  nye F-35 bombeflya våre brukar ca. 6000 liter drivstoff i timen. Likevel er ikkje militæret rekna med i klima-rekneskapen. Det sytte USA for på FNs klima-toppmøte i Tokyo i 1997. Med sine 800 militærbasar rundt om i verda påfører USA kloden store skadar.

For å sikra ei trygg framtid må politikken må ha som mål å bevara ein leveleg klode, ikkje å tilfredstilla krigs-industrien!

Ingegerd Austbø,

medlem i IKFF

Tagged with →  
Share →

One Response to Kva skal NATO med endå fleire våpen? Innlegg i Stavanger Aftenblad

  1. Susanne Urban sier:

    Å, jeg er så enig med dine betraktninger, Ingegjerd. Militarismen er den STORE elefanten i klimarommet – og vi MÅ få miljøbevegelsen til å innse at det er på tide å velge: krig eller klima.

Legg igjen en kommentar til Susanne Urban Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *