På denne siden legger vi ut innlegg som IKFF-medlemmer har fått publisert i diverse medier. Send gjerne mail til frederveien@gmail.com om du har et innlegg du har fått inn i en avis eller som er blitt refusert.

 

Kommentar fra Susanne Urban Nobels fredspris for 2024;

«Gjør noe med det, Jonas!  !

TommeOrd_Klassekampen_-_2024-10-12_print

 

Gaza på Arendalsuka, av Susanne Urban, IKFF 

 Klassekampen 9. august

Innlegget kan lastes ned her:

Gaza på Arendalsuka_Klassekampen_-_2024-08-09_print

 

 

EN vei til fred i Ukraina? Klassekampen 22.juli 23

av Susanne Urban

Innlegget kan lastes ned her: 

EnVeiTilFrediUkraina?_Klassekampen_-_2024-07-22_print

 

NORGE GJER SOM USA VIL

Innlegg fra IKFF Sandnes i Stavanger Aftenblad 8. mai

av Gro Eriksen og Ingegerd Austbø

I 2022 signerte Norge ein bilateral forsvarsavtale med USA. Den gav USA rett til å oppretta militærbasar på fire såkalla «omforente områder». Viss Stortinget godtar tillegget regjeringa har gått inn for i 2024, blir dette auka til  til 12 –  utan offentleg debatt. IKFF (Internasjonal Kvinneliga for Fred g Frihet) har sendt eit høyringssvar til Utanriks- og forsvarskomiteen, der det blir peika på ein del oppsiktsvekkande sider ved avtalen. Same type avtale har USA fått med andre nordiske land, så totalt får USA 47 basar i Norden. Basane skal trygga oss mot russiske angrep, heiter det.

 USA står i ein klasse for seg når det gjeld militær kapasitet. Den er mange gonger så stor som Russland sin. I tillegg  er  USA militært til stades over store delar av verda. Før dei nordiske landa signerte sine avtalar, hadde USA over 800 militærbasar i 80 land, mens Russland berre har nokre få.

Avtalen gir USA fri tilgang og bruksrett på dei «omforente områda». Norge har ikkje lov til å kontrollera kva USA fører inn på basane utan godkjenning frå USA. Atom-våpen kan lagrast dersom USA finn at det er «tjenestlige behov» for det. Dersom Norge og USA skulle bli ueinige om enkelte ting i avtalen, er det USA sine vurderingar som skal gjelda. Avtalen forbyr å bringa evt. usemje inn for nasjonale eller internasjonale rettsinstansar; heller ikkje NATO kan vurdera dette. Amerikansk jurisdiksjon skal altså råda på basane og for mannskapet. Med dette gir Norge  frå seg suvereniteten over desse områda, noko som må vera i strid med Grunnlova, § 1. I tillegg skal amerikanarane fritt kunna bruka norsk infrastruktur mellom basane.

Då Norge vart med i NATO, tok politikarane nokre kloke atterhald, nemleg forbod mot utanlandske basar i fredstid og forbod mot lagring av atomvåpen. Dessuten var det militære nærveret i Finnmark relativt lite. Dette vart gjort for ikkje å provosera Sovjet, seinare Russland. Dagens baseavtale inneber det stikk motsette. Kan dette tena Norge og gjera oss trygge? Stormakta USA og småstaten Norge har ikkje same interesser.

For Norge er det viktig å ha eit godt forhold til vår store nabo i aust. I fleire år var det  fredeleg og venskapeleg kontakt over grensa heilt i nord. Dette burde ein prøvd å oppretthalda.  For USA er rivaliseringa med Kina og Russland det viktigaste. Hovudstrategien synest vera avskrekking og fleksibilitet. USA vil kunna ta i bruk ulike basar som ligg «lagleg» til. Basane aukar den militære spenninga i nord, og verkar nok provoserande på Russland. Me risikerer at våre område kan bli bombemål i ein stormaktskonflikt. Avtalen ser altså ut til å tene USA sine interesser, men ikkje Norge sine.

For Sandnes-avdelinga av IKFF,

Gro Eriksen og Ingegerd Austbø

 

Krig er forakt for liv

fra IKFF medlem Ellen Hagen, sendt til Vaksdalsposten i forbindelse med 1. mai.

Det har vorte gamaldags å heve fana for fred og nedrusting. Ordet solidaritet har forsvunne ut av partiprogram. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram drog til Ukraina med våpen og norsk Akevitt som gåve. Gesten får ein til å undrast om Gram forvekslar krig med ein hyttetur med gutane og brettspelet Risk.  Norsk forsvarspolitikk er ikkje ein leik.

Ifølge den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen -ICAN brukte dei ni atomvåpenstatane til saman 1660 000 norske kroner pr minutt på atomvåpen. Det er i følgje IKFF det same som årsløna til 166 norske sjukepleiarar på ein time. Norge brukte i 2023 1,8 prosent av BNP på forsvar. Det er 20 prosent meir enn i 2022.

Sjølv om Norge gav Fredsprisen til ICAN i 2017, stør ikkje Norge FNs atomvåpenforbod. I Forsvarskommisjonens utredning NOU 2023:14 står det at eit forbod vil vere i strid mot NATO-avtalen.

Fredsaktivistar i heile verda krev meir pengar til fredsarbeid. Saman med miljø bevegelsen skrik ein opp om korleis krig øydelegg jordsmonn og dyrkbar jord. Folk i humanitære organisasjonar set eige liv på prøve for å gje mat og medisinar til sivile. Men media ser dei ikkje. Dei ser berre dei menn som og får skrive historia.

  1. mai går vi i tog for mindre forskjellar og betre fordeling av godar i samfunnet og von om fred. Vi går for våre brør og søstrer som lir og vi går for truga verdiar som solidaritet og fred og for sjølve menneskeheita.

God 1. mai!

Ellen Hagen

SV medlem og medlem av Internasjonal kvinneliga for fred og frihet

 

Stopp tvangsretur av etiopiarane

Klassekampen 30.april Debattinnlegg

 

I februar henta politiet 21 etiopiarar til Trandum. Dei har vore i landet 10–22 år. Tre har til saman fem barn som er født i Noreg. Fem er kvinner, ei frå Florø, ei frå ­Tingvoll, to frå Trøndelag og ei frå Oslo. Onsdag 24. april starta tvangs­utsendinga. Då vart ­Mulalem Fekadu frå Modum sendt til Etiopia etter 16 år i Noreg. Han var 15 då han kom. På ­Trandum sit Alemayehu Hirpo (51), i 19 år har Ringsaker ­Mottakssenter vore heimen hans. Alemayehu Hirpo var ein populær og berømt musikar i Etiopia. Mange av tekstane hans handlar om fred og kjærleik mellom ­menneske. I Tingvoll spør folk etter 47 år gamle Woinshet Asefar, dei fleste kjente henne. Woinshet var viktig for mange menneske i lokalsamfunnet. Ein dag kvar veke på Trandum har Ezana Abebe frå Oslo – 22 år i Noreg – fått besøk av dotter si på 8 år. Ho gret og forstår ikkje kvifor pappa skal sendast ut av landet.

Dei som sit på Trandum er lengeverande asylsøkarar (papirlause) med avslag, det brotsverket dei har gjort, er at dei blir i landet fordi dei opplever at det er for farleg å dra tilbake til landet dei flykta frå. Nokre lengeverande asylsøkarar dreg og har fått opphald i andre europeiske land.

Fråvær av menneskerettar blir brukt som ­pressmiddel for å få dei til å dra. Papirlause har ikkje rett til arbeid, til skule, utdanning eller ordinær helsehjelp. Barn veks opp i ­fattigdom. Gravide får ikkje den hjelp gravide skal ha. Ein del lever i skjul, på andre sin nåde, blir utnytta. PU (Politiets ­utlendingsenhet) tvangsutsender ­lengeverande asylsøkarar i tråd med vedtatt politikk.

Yemanenettverket (som omfattar ulike organisasjonar) arbeider for å endre dagens asyl- og flyktningpolitikk på tre sent­rale område:

  • Gje amnesti med opphald på humanitært grunnlag til lengeverande asylsøkarar fem år etter endeleg avslag. Sett ei grense for kor lang tid behandling av ein ­asylsøknad skal ta, med rett til varig opphald etter fem år.
  • Iverksette Baumann­utvalget sitt forslag. Utlendingar med barn skal ikkje utvisast ved brot på utlendingslova. Der kor det er behov for ein reaksjon, kan det vere ei tilleggstid til butida før ein får permanent opphald.
  • Innføre foreldingsfrist på 5 år i alle tilbakekallsaker som gjeld opphald og statsborgarskap.

Kanskje ein dag, tiår frå no, lenge etter mi tid, vil ein statsråd eller statsminister stå fram og seie til asylsøkarar frå sør: Orsak. Retur­politikken på 2020-talet vart ikkje gjennomført i tråd med dei verdiar vi står for, den var urimeleg. Politiske orsakingar brukar kome i ettertid.

No lagar partia sine program for 2025–2029. Kanskje kan det under skje at politikarar finn saman på tvers av skiljeliner, vedtek endringar i regelverket og set ei grense for kor lenge ein kan bu som papirlaus i Noreg.

 

 

 

I dag stemmer du for menneske­verdet! 

av Camilla Hansen, IKFF medlem. Debattinnlegg i Klassekampen 1. februar 2024

FNs internasjonale domstol (ICJ) har med overveldende flertall slått fast at det er «plausibel risiko» for at Israel begår folkemord på palestinerne i Gaza. Domstolen trakk i sin kjennelse særlig fram den «katastrofale humanitære situasjonen» i Gaza. Faren for akutt hungersnød er overhengende. Samtidig advarer eksperter om at en fjerdedel av befolkningen kan dø av smittsomme sykdommer og epidemier innen året er omme, om ikke noe gjøres.

Katastrofen er fullstendig menneskeskapt og et forutsett resultat av Israels politikk.

Israel har imidlertid allerede vist at de ikke retter seg etter FN-domstolen. Siden fredag har den israelske hæren drept flere hundre mennesker og skadet mange flere. Angrepene og beleiringen av Nasser-sykehuset i Khan Younis fortsetter. Det gjør også tvangsfordrivelsene og bombingen av boligområder og jordbruksland. På søndag deltok tolv israelske ministre, inkludert flere fra Netanyahus parti Likud, på en stor konferanse i Jerusalem for å planlegge israelske bosettinger i Gaza og det de kaller «frivillig emigrasjon», en eufemisme for etnisk rensing.

Alle land, inkludert Norge, er forpliktet under FNs konvensjon om folkemord til å iverksette tiltak for å forhindre folkemord.

Professor i holocaust- og folkemordstudier ved Stockton-universitetet i USA, Raz Segal, skriver at ICJs kjennelse innebærer at hvert eneste land, bedrift og universitet må revurdere sine relasjoner til Israel, fordi «slike bånd kan utgjøre medvirkning til folkemord».

Israel har igjen og igjen brutt folkeretten og ignorert utallige FN-resolusjoner uten å bli møtt med sanksjoner og boikott. Det er denne straffriheten som vestlige land har skjenket Israel i alle år, som har beredt grunnen for folkemordet i Gaza. Den israelske regjeringen ser nå ut til å være overbevist om at de kan slippe unna med hva som helst.

Å tro at Netanyahus regjering, som er den mest høyreradikale Israel har hatt, vil lytte til vennlig diplomati, er i beste fall naivt. For å overholde våre forpliktelser under internasjonal lov om å forhindre folkemord, må Norge ta i bruk de virkemidlene som gjenstår: sanksjoner, boikott og straffetiltak.

Slik Sør-Afrika har gått foran i verden ved å ta Israel til Den internasjonale domstolen, kan Norge gå foran i Europa ved å innføre sanksjoner. Så vil også andre land følge etter. Tiden for tom retorikk og doble standarder er for lengst over. Når Stortinget skal votere over sanksjoner mot Israel på torsdag, må politikerne velge menneskeverdet. De må våge å stå opp for menneskerettighetene og vise i handling at de ikke på noen måte vil tillate krigs­forbrytelser og folkemord – uansett hvem som begår dem.

lenke til artikkelen:

https://klassekampen.no/artikkel/2024-02-01/debatt-i-dag-stemmer-du-for-menneskeverdet?fbclid=IwAR1hfoH-rjurfKy2H6l4qaXSOzSTkzEAmW81vFR0fb2ganjtw74RIy3Y3mo

Dette utsagnet kommer jeg til å ta med meg resten av livet

Innlegg i BA 31.1.24, Susanne Urban, styremedlem IKFF Bergen

Mads Gilbert fylte Egget på Studentersamfunnet to ganger denne helgen. Både lørdag og søndag måtte mange snu skuffet i døren. Susanne Urban var en av de som fikk overvære seansen med Mads Gilbert. Det gjorde sterkt inntrykk.

https://www.ba.no/dette-utsagnet-kommer-jeg-til-a-ta-med-meg-resten-av-livet/o/5-8-2517384?fbclid=IwAR2xeby8iTbIk_BfrebGyJgdcknQ_4enkpwEVKXpFmOqJt1ibohkpb81yx0

 

Debatt om atomkraft i Klassekampen ved Eva Fidjestøl, Susanne Urban og Åse Juveli Berg. 

Svar fra Åse Juveli Berg i Klassekampen 16.januar

 

Motsvar til Eva Fidjestøl fra Håvard Kristiansen i Norsk kjernekraft 10. januar og svar til ham igjen fra Susanne Urban 11. januar. 

 

 

Eva Fidjestøl sitt innlegg 3. januar 24

 

 

 

 

 

 

Klassekampen 4.1. 24

Fredsløsning for Midtøsten

_______________________________________________________________________________________

 

Refusert , men viktig innlegg til debattsiden i Bergens tidende 28.juli. 

av Annelise Berger, IKFF Bergen

 
Takk Gud for atombomba?
For klimaendringane og då vel, Stig Arild Pettersen. For korleis er det mogeleg å slå fast at klimaendringane er menneskeskapte og at dei må me handtera og tenka på borna den eine dagen – for så å forsvara det mest grusomme og umenneskelege våpen som nokon gong er oppfunne den neste – og som i sin eksistens er den største klimatrussel?
I ei kompleks og brutal verd er alternativa verre enn atombomba, slår kommentatoren fast i BT. For han lever i den verkelege verda, og motsetnaden til den er av alle ting, barbieverda. For meg er det berre ei verd og den tilhøyrer heilt reelt oss alle. Eg skal ikkje gå inn på kva for våpen atombomba er, korleis den virkar, kva den føresaker, korleis det var der i Hiroshima og Nagasaki. Folk veit.
Kven atomvåpena skaper ei tryggare verd for, seier ikkje Pettersen noko om. Men han skriv for BT, som ganske konsekvent kaller mennesker som flykter frå andre verdsdeler til Europa for migrantar og berre dei frå krigen i Ukraina for flyktningar.
No har ni av verdas land atomvåpen. Situasjonen i verda, med krig og konflikt, tørke og svolt, gir ikkje mykje rom for håp. I følge SN vil om lag 340 millioner mennesker trenga naudhjelp i år, for ti år sidan var det om lag 81 millioner. Så – eg trur ikkje det finst nokon som tenker at verda ville bli betre berre atomvåpena forsvinn, slik Pettersen hevdar. Det må sjølvsagt meir til. Ufatteleg mykje meir til.
Stig Arild Pettersen skriv og om klimaendringane (torsdag 27.07). Dei er menneskeskapte. Noreg må stenga oljekranane. Eg er heilt samd. Men Pettersen, kan du kje granska lite grann kva millitarisme og krigføring har for konsekvensar for klimaet? Kva produksjonen av atombomba medfører? Korleis det ser ut der ein finn uranet som trengst? Kva miljø-øydeleggingar 2000 prøvesprengingar har skapt?
Det høyrer med til soga at SN sitt framlegg til atomvåpenforbod vart vedteke 1 7. juli 2017 av 122 land i verda. Forbodet er ein omfemnande traktat som forbyr alle former for tilknytning til atomvåpen. Også land som har atomvåpen, kan signera – om dei forplikter seg til å destruera desse. Traktaten trådte i kraft 22. januar 2021.
Noreg har valgt å boikotta den, saman med dei ni atomvåpenstatane og dei fleste NATO-land.
 
 

KK ti. 25-04-23, redaksjonell omtale

 
Våpenmotstandarar melder seg ut av Raudt og tek til orde for å lage eit nytt fredsparti.
RAUDT Aleksander Åsnes  
 
Raudt er no tilhengjar av å sende våpen til Ukraina. Det gjer at dei har mista nokre medlemmar, blant andre Susanne Urban. Etter mange år kan ho ikkje lenger stå for det Raudt meiner.
– Mi erfaring er at fredelege midlar er einaste måten til varig fred. Eg jobbar i ei fredsgruppe, det har eg gjort i snart 20 år, og eg har lært mykje om alternativ til våpen, seier ho.
Ho meiner at ein må snakke fram fred og forhandlingar. – Eg treng eit parti som er ei motvekt til krigshissing i Noreg no. Vi blir mistenkeleggjort for å vere for Putin, berre fordi vi ønskjer å hjelpe Ukraina på andre måtar enn med våpen, seier Urban. 
– Ukrainarane sjølve ber jo om våpen. Anerkjenner du at Russland hadde okkupert og undertrykt heile Ukraina utan våpenstøtte frå Vesten?
– Poenget er at eg vil snakke fram ei fredsløysing, og eg vil ta til orde for forhandlingar. Jens Stoltenberg (Natoleiar, red. anm.) seier at Kina ikkje har truverd når dei kjem med eit fredsinitiativ, men kvifor har dei ikkje det? Når alt er øydelagt, er det jo ikkje noko vits, vi må snakke fram fred og forhandlingar no. 
Det er kring 60 stykk som har meldt seg ut av Raudt etter at dei gjorde vedtaket om våpenstøtte søndag. Raudt har nærare 14.000 medlemmar. 
 
Vil avskffe krig
Susanne Urban har skrive bok om den norske fredsforskaren Johan Galtung og hans metode for fred. Ho syner til at han såg føre seg at vi som verdssamfunn kunne kvitte oss heilt med konseptet krig i dette hundreåret, på same måte som vi for det meste gjorde med slaveriet og kolonialismen. – Då treng vi at nokon snakkar fram fred og tek til orde for at våpen og krig aldri er eit alternativ, seier ho.
– Var det feil av dei allierte maktene å gripe inn og stogge Hitler med makt under den andre verdskrigen?
– Det var riktig å gripe inn, men atomvåpen har endra alt.
Vi må ta konsekvensen av at dei kan ende alt liv. Gandhi klarte å overvinne verdas mektigaste kolonimakt med fredelege midlar. Folk må lære om ikkjevald, og forstå at det er eit alternativ, seier
Urban. 
Ein annan som har meldt seg ut av partiet, er den tidlegare nestleiaren Marielle Leraand. 
 
 

Klassekampen 25. april 23 Susanne Urban

 

 

JegTrengerEtFredsparti

 

Klassekampen 20.april 23 Susanne Urban

Pdf her:

VelferdOverVåpen_Klassekampen_-_2023-04-20_print

 

 

 

 

 

Klassekampen 6. mars 2023.  Susanne Urban

Innlegget kan laste ned her:

Våpen eller innsats for fred?_Klassekampen_-_2023-03-06_print

 

Hamar arbeiderblad 28.2.23 ved Kari Nes og Eli Hammer Eide, IKFF

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her kan du laste ned innlegget i bedre oppløsning: 

20230228154000

 

Julefred

Innlegg i Klassekampen 10. des. 22. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kan nedlastes som PDF her:

Julefred?_Klassekampen_2022-12-10_print

____________________________________________

Hvor er de voksne?

Innlegg i Klassekampen 24.09.22 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

PDF til nedlasting her: 

Hvor er de voksne?_Klassekampen_-_2022-09-24_print

________________________________________________________

Snakk sammen

Les hele innlegget her: 

Snakk sammen_Klassekampen_-_2022-01-29_print

____________________________________________________

Det lekker

Klassekampen 27. desember 21

 

___________________________________

Kjære prinsesse

Klassekampen 14.desember 21

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Les debattinnlegget her:

Kjære_Prinsesse_Klassekampen_2021-12-14_print copy

_________________________________________________________

Jagerflystøy i juletiden

BA, Bergen Arbeiderblad 14. desember 21

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

___________________________________________

Hva med klimaverstingen?

Klassekampen 5.november 21

 

Kan lastes ned som PDF for bedre lesning her:

COP 26 2 KK

Om barnekunstutstilling med tema Fred og frihet. 

Hamar arbeiderblad 27. okt. 21

20211028141533

Kjernekraft redder ikke klimaet

Innlegg i Hamar arbeiderblad 20.9.21

 

20210920190603

Gi fred en sjanse

Innlegg i Klassekampen på FNs internasjonale fredsdag 21.sept.

Les innlegget her:

Gi fred en sjanse SU 21 sept

_____________________________________________________________

Innlegg i Bergens tidende  på FNs internasjonale fredsdag 21.sept.

 

Alle må få helsehjelp

Innlegg i Klassekampen 17.september

Kan lastes ned som pdf her:

Kronikk_papirløse_Klassekampen_170921

______________________________________________________________________________

 

 

Aldri meir Hiroshima og Nagasaki

INNLEGG I SANDNESPOSTEN 5. AUGUST 21

For Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, avd. Sandnes

Gro Eriksen og Ingegerd Austbø

   kan lastes ned som pdf: leserbrev5.august.     

 eller leses her:

  1. august 1945 slepte USA atombomba «little Boy» over Hiroshima. 9. august slepte dei «Fat Man»over Nagasaki . 135 000 menneske døydde som direkte konsekvens av bombinga (brannskader, stråling). Over tid døydde dobbelt så mange av radioaktiviteten, som dei fekk i seg gjennom mat, drikke, luft og stråling.

Trass i dei forferdelege konsekvensane av atombombene, spelar atomvåpen i dag ei viktig rolle i rivaliseringa mellom stormaktene. I 1970 vedtok FN Ikkje-spreiings-avtalen (NPT) men den og andre avtalar (STARTt.d.) har ikkje fjerna atom-våpna. I følge SIPRI (Fredsforskingsinstituttet i Stockholm) finst det i dag 13 400 atomvåpen i verda. USA og Russland står for 90% av desse. Alle atomvåpen-statane satsar på modernisering av våpna, noko som senkar terskelen for å ta dei i bruk. Sjølv i korona-årert 2020 auka pengebruken til atomvåpen. Totalt vart det brukt 72.6 milliardar dollar, 137 millionar i minuttet!

Sivilsamfunnet pushar på politikarane for å få avskaffa atomvåpna. Ordføraren i Hiroshima starta i 1982 «Ordførarar for fred», eit globalt nettverk av ordførarar/kommunar som vil ha forhandlingar om å fjerna atomvåpen. Fleire norske kommunar har slutta seg til, m.a. Sandnes.

 ICAN, den internasjonale kampanjen for å forby atomvåpen, vart stifta i 2007. 7. juli 2017 vedtok 122 land FN-traktaten TPNW, som forbyr atomvåpen, og 10.desember same år mottok ICAN Nobels fredspris. 22. januar 2021 vart traktaten internasjonal lov, 90 dagar etter at 50 land hadde ratifisert avtalen. Så langt har ingen atom-makter signert avtalen, men di fleire land som signerer, di større blir det moralske og politiske presset mot dei.

ICAN har publisert to omfattande rapportar i 2021. Den eine («Complicit: 2020 Global Nuclear Weapons spending») er ein grundig gjennomgang av våpenarsenal og pengebruk hos dei 9 atom-maktene, både offentleg og privat. Det viser seg at dei private selskapa (våpen-produsentane) brukar mykje pengar på såkalla «tenketankar» og på lobby-isme. T.d. brukte både Boeing og Lockheed Marin 50 millionar dollar på lobby-isme.

Den andre rapporten handlar om NATO, og kva rolle organisasjonen spelar/kan spela når det gjeld atomvåpen. («A non-nuclear Alliance….») Den peikar på at alle Nato-land har slutta seg til Ikkje-spreiings-avtalen, og at NATO offiselt er for nedrusting. Tilsynelatande er alle medlemslanda einige, sidan ingen har signert TPNW, men innad i organisasjonen er det store variasjonar. Storbritannia t.d. har vedteke å auka sitt våpen- arsenal, medan somme land har uttalt seg positivt om traktaten.

 Norske politikarar hevdar at Norge ikkje kan slutta seg til avtalen p.g.a NATO-medlemskapen, og at det trengst forsikringar om at avskaffinga kan skje trygt. Det finst ingen juridiske grunnar som hindrar NATO-land i å slutta seg til traktaten, og den inneheld gode reglar for kontroll og gjennomføring av nedrustinga. Dette har også norske forskarar hevda.

USA brukar meir på atomvåpen enn alle andre til saman, og USA har a-våpen utplasserte i allierte land i Europa. Desse landa stiller med fly som kan bera atom-våpna. Denne utplasseringa er kontroversiell og svært upopulær hos befolkninga i dei aktuelle landa. Forskaren Asle Toje fryktar at Norge kan bli «overtalt» til å bruka F-35- flya til dette.Over 1000 parlamentarikarar i ulike NATO-and har erklært at dei vil arbeida for at deira respektive land skal slutta seg til TPNW, og parlamenta i Spania, Italia og Nederland har uttrykt støtte til traktaten.

6 av 9 politiske parti i Norge støttar norsk tilslutning til traktaten, og AP seier at dette bør vera eit mål. Ved å slutta seg til «Ordførarar for fred» og ICANs «Cities’ Appeal» kan norske kommunar påverka Storting og Regjering, slik at Norge sluttar seg til FNs forbod mot atom-våpen.

For Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, avd. Sandnes

Gro Eriksen og Ingegerd Austbø

 

 

Bilde: American Friends Service Committee

Den sunne fornuft har avgått med døden! 

Avisinnlegg i Glåmdalen 5.mai, av Torill Spilhaug Eide, IKFF Innlandet

Jeg fikk tilfeldigvis Glåmdalen fra mandag (26.4.) på bordet mitt. Det ble en rar opplevelse – jeg leste både lederen og min mening der Høyres representant i forsvarskomiteen på Stortinget, Hårek Elvenes, kunne fortelle oss og «berolige» oss om at det norske forsvar var svært bra, holdt godt mål og i stand til å forsvare oss mot fienden (Russland). Det rare var at jeg har lest disse innleggene før, fordi de var de samme som vi leste i 1950 og årene utover, vi som levde da. Den samme selvtilfredse holdningen om at vi gjør det rette – og noen diskusjon behøves ikke. For meg virker det likevel som om verden har blitt farligere enn noensinne – og at vår «gamle» politikk ikke har virket, tvert imot! Er det da fornuftig å fortsette med den samme «medisinen»? Enhver bedrift ville jo ha vurdert å finne på noe bedre og mer produktivt. Det som jeg opplever er det uredelige i disse innleggene, er hvilke saker og budsjetter pengene til forsvaret vårt tas fra? Dette hører vi aldri noe om. Elvenes opplyste oss om at i år får forsvaret vårt 65 000 000 000 kroner fra statskassa – med en økning på 17 000 000 000 kr. til 82 000 000 000 kr. i 2028. Blir vi sikrere da? Ordførere landet over kan bare drømme om å få en liten del av dette til sulteforede skoler, til dårlige veier rundt om, til et underbemannet helsevesen der folk ikke føler de får gjort jobben sin, til bekjempelse av rasisme og mobbing, til hjelp for fattige unger (som det faktisk finnes i landet vårt), til fjerning av eiendomsskatten (?), til hjelp til alle de som har lyst til å starte en bedrift – jeg kunne holde på lenge – for ikke å snakke om klimakrisen.

Les hele innlegget her:

Den sunne fornuft har avgått med døden

_________________________________________________________

 

 

https://www.nrk.no/vestland/feirar-atomvapenforbodet-som-noreg-stemte-mot-1.15338893

 

Yemanedagen i Hamar

Hamar Arbeiderblad 5. januar 2021

 

Kan lastes inn som pdf for bedre leseropplevelse:  hamar arbeiderblad yemane

________________________________________________________________________

Forsvarets jakt på kvinner

Dagsavisen 4. april 2015

Innlegget er skrevet av Torild Skar og  Edel Havin Beukes, Internasjonal kvinneliga for fred og frihet

https://www.dagsavisen.no/debatt/forsvarets-jakt-pa-kvinner-1.452156#post_271015

________________________________

Ta til vettet, Brende

K.Margrethe Tingstad. 2014.  Klassekampen

KK_artikkel_av_KMKTingstad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

____________________________________________________________

Militarismen truer miljøet

Kronikk i bergens tidende mars 2013.  Les her: https://www.ikff.no/wp-content/uploads/2013/03/Militarismen-truer-milj%C3%B8-og-klima.pdf

 

 

 

 

 

____________________________

Genetisk krigføring

Kronikk Bergens tidende: 25. aug 2010

 

 

 

 

 

 

 

 

Kan leses som pdf her:      Genetisk-krigføring