Av: Eva Fidjestøl, styremedlem og AU-medlem i IKFF

Artikkelen stod første gang på trykk i Fred og frihet 2/2014

Den store europeiske krigen som starta så usikkert og nølande sommaren 1914 hadde fire år seinare ført til avskaffing av eit halvt dusin monarki og det habsburgske og det osmanske keisarrike. 70 millionar soldatar hadde kjempa ved frontane i øst og vest. Dei kom frå dei fleste europeiske land og frå alle britiske, franske, tyske og belgiske koloniar og frå USA. Det vart ein verdskrig som førde til 9,4 millionar drepne soldatar og 15,4 millionar såra. Krigen som skulle gjere slutt på alle krigar vart årsak til ein ny krig som starte 21 år etter. Her fortel eg litt frå ein tur til Ypres, ei av slagmarkene på vestfronten, 100 år etter.

I januar 2014 var eg på tur til den flamske byen Ypres(flamsk Ieper). I middelalderen var dette ein vakker og viktig handelsby med store veveri og tilgang til sjøen via elv og kanalar. Under første verdskrigen (1914-1918) var folketalet på omkring 20 000 og den middelalderske festningsbyen utgjorde ein sårbar del av frontlinja på vestfronten. Dersom tyskarane braut gjennom her, kunne dei vere i Calais og Dunkerque dagen etter. Britane ville då få store problem med forsyningane, mens tyskarane fekk ei frontlinje som var mykje lettare å forsvare. Men Ypres var på engelske hender under heile krigen og alle forsøk frå tysk side på å ta byen var mislukka.

Eg kom hit i lag med min belgiske svigerson. Han hadde aldri vore her før, medan gutane hans på 17 og 11 år, hadde vore her med skuleklassane sine. Var den belgiske bestefaren din med i krigen, undrast eg, men det visste han ikkje. Det må kanskje gå nokre generasjonar før ein orkar å ta innover seg det som hende her for 100 år sidan.

Vi ser byen frå lang avstand der han ligg i slettelandskapet. To bygningar ragar høgt over resten av husa. Den kjempestore Lakenhalle frå 1200-talet med sitt 100 meter høge tårn ligg ved sida av den gotiske katedralen frå same tid, i sentrum av byen ved Grote Markt. Tekstilindustrien er borte og i Lakenhalle er det eit stort moderne krigsmuseum, In Flanders Fields, som vi er komne for å sjå. Det første vi lærer er at heile byen og landsbyane omkring vart jamna med jorda i desse fire krigsåra. I 1915 vart dei fleste sivile evakuerte. Det vi ser i dag er bygd opp igjen stein for stein på 1920- og 30-talet, og i landskapet rundt denne rekonstruksjonen ligg det over 100 gravlundar, restar av skyttargraver og mange store krigsminnesmerke. På ein måte er heile byen eit krigsminnesmerke.

Mellom periodane med stilleståande skyttargravskrig var det store slag, der frontlinjene vart flytta fram og tilbake nokre meter eller kilometer. På begge sider av fronten danna det seg enorme system av gjørmete gøymestader og skyttargraver. Ingen var trena og førebudd på ein slik krig. Dette førde til 1,7 millionar drepne og såra soldatar og eit ukjent tal sivile i og omkring denne byen. I tillegg skapte krigen traume og psykiske lidingar som har gått i arv opp gjennom generasjonane fram til i dag. På bilturar omkring i Europa finn ein minnesmerke med namn på falne soldatar overalt, også i dei minste landsbyane. Dei store tala er ikkje til å fatte, så det blei enkelte episodar og forteljingar eg festa meg ved på museet.

Kampen om Passchendaele må likevel nemnast. Det er ein landsby i nærleiken av Ypres som har gått over i krigshistoria som eit symbol både på stor heroisme og krigshelvete (horrors of war). Her blei 310 000 britar og 260 000 tyskarar drepne i kampen om nokre få kilometer. Kampane varde i tre og ein halv månad hausten 1917. Heile 60 000 av dei britiske soldatane som døde her drukna i dei blaute myrane omkring landsbyen, i eit regnvær som varde ein heil månad. Tyskarane tapte også denne gongen.

Dette var den store krigen som ingen venta eller ingen ønska, men som berre kom. Keisarar, kongar og generalar langt unna slagmarkene hadde ikkje problem med å sende stadig nye flokkar med kanonføde til frontane. Dette var ikkje berre mennene sin krig, men krigen til nokre få menn med posisjonar og makt. Først då produksjon og økonomi i dei krigførande landa braut saman slutta krigen. Når talet på falne soldatar mellom 1914 og 1918 var så høgt, heng det saman med at denne krigen var så dårleg førebudd, og at gamle strategiar blei kombinerte med moderne teknologi. Dei vanlege soldatane vart sende i krigen med forelda utrustning. Dei brukte uniformer av ære og rang, og kamuflasje hadde ingen tenkt på. Maskingevær, giftgass, flyangrep og seinare tanks kravde ein ny måte å føre krig på. Det blir fortald om eksempel der hestar slåss mot tanks, bajonettar vart brukt mot maskingevær og filler framfor nase og munn ved gassangrep.

Ein brite fortel om to hundre franske kavaleristar som rykka fram over ein bakketopp og var eit praktfullt syn med fjærpynta hjelmar og blinkande lanser. Dei lo og svinga med lansene mens dei ropte: «Tyskaren er ferdig». Like etter dei var forsvunne ut av synet høyrdest den knitrande lyden av maskingevær. Berre nokre lause hestar kom tilbake.

Ei gruppe på 3000 unge tyske studentar, som melde seg frivillig til å kjempe ved fronten, kom til Ypres alt i august 1914. Dei hadde berre seks veker med militær trening bak seg og var dårleg utstyrte. Fulle av patriotisme song dei songar til Keisarens pris idet dei rykka fram, arm i arm, og vart møtte av kuler frå britiske soldatar, som hadde Boarkrigane bak seg og var profesjonelle og erfarne. Berre nokre få av dei tyske gutane overlevde. Etterpå snakka ein om barnedrapet ved Ypres. I dag ligg dei i eit hjørne på gravplassen i Langemarck, ein av dei fire store tyske gravplassane i området, med namnet på studentklubbane dei høyrde til, skrivne på gravene.

Psykiske samanbrot var vanleg i alle hærane og det utvikla seg eit omgrep for dette som vart brukt på alle språk: «shell shock». Dette vart hos alle oppfatta som desertering. PTSD (post traumatic stress disorder) var ikkje kjent den gongen, og desse soldatane vart skotne av sine eigne på begge sider av fronten. Seinare gransking har vist at ein heil del av dei sannsynlegvis var psykiatriske pasientar.

Siste kule i Ypres vart fyrd av den 14. oktober 1918 og 11. november same år vart våpenkvila underskriven.

På ein stad i den gamle festningsmuren rundt Ypres, der det ein gong i tida var ein byport som førde inn til hovudgata, er det bygd eit stort krigsminnesmerke til ære for dei soldatane frå dei britiske øyane og koloniane som døde i Ypres før 16. august 1917, og som ikkje har noka grav. Dette er soldatar som ein ikkje har funne eller som ikkje kunne identifiserast. 54.896 namn står skrivne på veggane i minnesmerket, Menen Poort. Kvar kveld presis kl.20.00 i all slags vær, året rundt, blir trafikken i gata stansa og tre hornblåsarar frå det lokale brannkorpset spelar to melodiar, «Last post» og «Reveille». Dette har gått føre seg slik sidan 1929 med unnatak frå åra 1940 og 1944. Menen Poort blei bygd av britane i 1927 og dette er deira måte, saman med innbyggarane i byen, å heidre dei soldatane som døydde i kampen for Ypres sin fridom. I eit anna minnesmerke, på ein gravplass ved Passchendaele står namnet til 34.957 britiske soldatar, som også manglar ei grav, og som døydde i tida mellom 16. august 1917 og slutten på krigen.

Den 28. april 1915 var den 6. dagen under det andre slaget i Ypres, som enda med 105.000 døde og såra. Same dag var omkring 1100 kvinner frå 12 land, nøytrale og krigførande, samla til kongress i Haag i det nøytrale Nederland, for å diskutere korleis dette blodbadet kunne stansast. Det var som vi veit starten på WILPF.

På denne konferansen vart det vedteke eit program for ein varig og rettferdig fred. Dei protesterte mot krigens vanvit og redsel, mot all meiningslaus ofring av menneskeliv og øydelegging av så mykje som menneska hadde brukt hundrevis av år på å bygge. Morsrolla og kvinnene si evne til å verne om liv var for mange av dei ei  inspirasjonskjelde. Kravet om at kvinnene skulla ha parlamentarisk stemmerett og same borgarlege og politiske rettar som menn stod sentralt. Men kravet om  fredsmekling mellom partane i krigen førde ikkje fram den gongen. Fredskvinner på begge sider følte seg tvinga til å støtte menn og søner ved frontane og dei nøytrale landa var ikkje alltid så nøytrale. Krigen gjorde at det var pengar å tene både på produksjon og transport. I Norge produserte vi store mengder ammunisjon og skipsflåten vår var i aktivitet.

Etter krigen vart fredsarbeidet teke oppatt, men det kom likevel ein ny krig. I februar 1940 var det eit møte i Stockholm der kvinner frå mange nordiske kvinneorganisasjonar var samla for å drøfte framtida for fredsarbeidet. Svenske Kerstin Hesselgren sa mellom anna:

«Vi har ikke kunnet forhindre krig […] vår medborgerrett har ikke satt de merker som vi hadde håpet, men kanskje allikevel satt noen spor. Vi må prøve oss selv, når vi skal møte den nye tiden, hvor og hvorledes hver og en enkelt av oss har feilet. Vi må revidere kullsviertroen på kvinnenes innsats.»

Kva er så vår situasjon og utfordring ved 100-årsmarkering for både stemmerett for kvinner og for stiftinga av WILPF? Vi har større politisk makt enn fredskvinnene for hundre år sia hadde. Vi har likestilling og kan også velge militær karriere om vi vil. Vi har FN og internasjonale lover for krigføring, våpenbruk og våpenhandel. Arbeidet for å styrke FN og for å kjempe mot bruk av inhumane våpen er vi med på. Det er viktig og vi vil halde fram med det, men det er ikkje nok. Når den største krigsherren i historia får Nobels Fredspris og brukar Nobel-foredraget til å forsvare krig som eit middel for å skape fred, må vi sjå på krava frå kvinnene som var samla i Haag i 1915, på nytt. Som kvinner og mødrer må vi tenke gjennom skilnaden på likestilling og likskap, og kjempe mot verneplikt for kvinner. Som fredsaktivistar må vi våge å ta fram igjen krav om full nedrusting, og krav om at alle konflikter skal løysast på fredeleg vis.

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *