Intervju med Norges fredsminister Frode Storaas, mars 2024

 

  • Kva vil du ta tak i som fredsminister?
  • Peika på alternativ til militær løysing på konfliktar.
    Vi er meir enn 8 milliardar menneske på jorda. Alle ønskjer å leva i fred. Kva om noko av dei enorme pengesummane som no går til våpenopprustning, blei brukte til å utvikla konfliktråd i FN regi, fora der partane som står mot kvarandre må møta til obligatoriske, uoffisielle samtalar – før offisielle forhandlingar. 
  • Men er ikkje Tryggingsrådet eit  konfliktråd?
  • Forsåvidt, men der møtes partane med slagord og fastlåste argument. Slik treng det ikkje vera. Godt utvikla konfliktråd, med velskulerte, dyktige diplomatar, kunne ha som oppgåve å få representantar frå kivande folk/land til å samtala (som i konfliktråd) – før dei går til krig – og ikkje berre etterpå. Slike fora der folk i konflikt møtes til samtalar, med ‘innestemme’ og der partane blir oppmoda til å prøva å forstå korleis den andre tenkjer, finnes i FN i dag, men dei fungerer tydlegvis ikkje godt nok. 
  • Er ikkje dette berre ein naiv tanke?
  • Slik den gjeldande krigsretorikken er i dag, er det sjølvsagt naivt å tenkja at noko slikt skulle fungera innafor FN. Men alle krigar endar. Tenk om dei kunne ha enda før dei starta? Sjansen vil auka for meir rettferdige løysningar på konflikta om partane samtalar seg til semje. Tar vi for oss dei mest omtala krigane etter andre verdskrig (Korea, Vietnam, Iran, Irak, Libya, Afghanistan), så har ikkje våpenkraft vore avgjerande for korleis krigane har enda. Mange døde og lemlesta til inga nytte.
    Realpolitisk sett, er det kanskje heller den militære strategien som har vore naiv.

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *