ernaI august i år sa fleirtalet i FN ja til å starte drøftingar om eit forbod mot atomvåpen i 2017. Men Norge stemte nei. UD og minister Brende forklarer dette med at det politiske grunnlaget manglar og at dei landa som har atomvåpen må vere ned på drøftingane for at forbodet skal ha effekt. Skal verkeleg ei handfull land få stoppe eit slikt forbod når majoriteten ynskjer å forhandle det fram? Svaret er sjølvsagt nei.

Atomvåpen kan ikkje avskaffast før atomstatane blir med, men eit forbod vil styrke det faktum at atomvåpen er eit inhumant våpen som ALDRI må brukast! Eit forbod er eit nødvendig steg på vegen mot nedrustning og endeleg avskaffing. Skal eit våpen som ikkje kan skilje mellom sivile og stridande og som kan utslette millionbyar på få minutt, ved ein feil eller ikkje, vere eit lovleg våpen i verda i dag? Kva seier du, Erna?

I april i år vedtok eit samla Storting dette:

”Norge skal arbeide aktivt for ei verd fri for atomvåpen, og arbeide langsiktig for eit rettsleg bindande rammeverk for å sikre dette målet.”

Det er ualminneleg kritikkverdig av regjeringa vår å stemme heilt motsett av det dei sjølv har vore med å bestemme. Dei fekk direkte marsjordre frå Stortinget om å arbeide for ei atomfri verd.

I 2017 startar altså over hundre land med atomnedrustingsdrøftingar i FN. La oss håpe at Norge velger riktig side!

Med helsing Kari-Ann Søreide,
Medlem av IKFF Florø.

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *