Intervju med Norges freds- og miljøvernminister S.Lund, mai ’22

  • Den nye regjeringa, som blei utnemnd 1. mai 2022, har fleire endringar i departementsstrukturen. Det mest uventa er kanskje kombinasjonen Freds- og miljøverndepartement. Vi spør den nyutnemnde ministeren: kva skal dette vere godt for?

 -Verda står i dag overfor fire gigantiske trugsmål: Naturrasering, klimaendringar, ressurskrise og krig. Desse forsterkar kvarandre gjensidig, og vi kan ikkje sjå dei isolerte frå kvarandre eller løyse eitt av problema med å forsterke dei andre. Vi kan ikkje ofre natur for klimaet, slik mange no vil gjøre gjennom utbygging av vindkraft.  Opprusting og krig fører ikkje bare til direkte menneskelige lidingar, men enorm belastning på mineral- og oljeressursane, noko som igjen gir klima- og naturøydeleggingar. Det verda treng er i første rekke fred, nedrustning og redusert forbruk. Ta opp igjen den gamle parola om å smi våpna om til plogjern. Dette betyr sjølvsagt at noko av det første den nye regjeringa må gjøre er å stanse den opprustninga som no er i gang med amerikanske basar og skytefelt og det neste blir å få Noreg ut av NATO.

  • Korleis virkar krigen i Ukraina inn i ein miljøsamanheng?
    Denne krigen er ein katastrofe langt ut over dei soldatane og sivile som blir drepne på slagmarka. Det vil i år ikkje vere mogleg å oppretthalde produksjonen i eit av verdas viktigaste jordbruksland, noko som vil auke matmangelen i verda og prisane på verdsmarknaden. Det vil gå ut over dei fattigaste.

-Krigen fører til store naturøydeleggingar og sjølv verna natur har ikkje noko vern mot krig. Krigen og sanksjonane mot Russland gjør det umogleg å oppnå målsettingane for reduserte utslepp av klimagassar. Vesten vil auke olje- og gassproduksjonen og også nedbygginga av natur for vind- og vasskraft. Utsleppa aukar gjennom bruk av militære kjøretøy og brennande oljelager. Ressursar som kunne vore brukt til å betre levestandarden og helsa til dei fattige i verda vil istaden bli brukt til nye våpen, som igjen krev nye gruver og ny forureining. I tillegg kjem at denne situasjonen aukar faren både for atomkrig og for ulukker knytta til atomkraftverka i Ukraina.

Kan lastes ned som pdf her:   Fredsministerens hjørne_2205_SveinLund

 

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *