Uttalelse fra IKFFs landsmøte 2019

Gjennom nasjonal politikk og internasjonalt samarbeid er asylretten blitt sterkt svekka. Noreg er i dag mellom dei land i Europa som har ein svært streng asylpolitikk. Dette er ikkje i tråd med det biletet Noreg har av seg sjølv som ein land som sterkt vektlegg humane verdiar, nedfeldt i i grunnlov og rettssystem.

I 1930 åra, då Noreg stengte grensene for mange asylsøkarar frå Nazi-Tyskland, var IKFF ein av fleire organisasjonar som sloss mot den strenge praktiseringa av asylretten.

IKFF meiner arbeidet for eit sterkare vern om asylretten betyr endringar på tre område:

A) Betre rettstryggleiken for asylsøkarar som er i landet.

Vi ber om:

  • At innstrammingstiltak som vart innført i samband med flyktningkrisa i 2015 vert oppheva.

  • At barns rettar ikkje vert sett tilsides av innvandringsomsyn.

  • At det vert slutt på å tilbakekalle statsborgarskap og opphaldsløyve for flyktningar

  • At den rimeligheitsvurdering som tidlegare gjaldt, vert gjeninnført.

B) Ta i mot fleire flyktningar.

Gjenoppta relokalisering av flyktningar frå Hellas. Gjennom internasjonalt samarbeid gjere det lettare å søke om asyl i Noreg. I dag er grensene omtrent stengt m.a. gjennom avtalar med flyselskapa, og asylretten er truga.

C) Motarbeide årsakene til migrasjonskrisa; krig, valdelege konfliktar og urettferd. Arbeide gjennom FN’s bærekraftsmål for å skape livskår som gjer at menneske ikkje flyktar frå sitt eige land.

 

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *