Innlegg i KK av Ingegerd Austbø, IKFF-medlem

Det blir sagt at sanninga er det første offeret i krig. Partane har kvar si framstilling, og propaganda er eit viktig våpen. Det gjeld også no. Putin brukar propaganda, og våre medium framstiller ofte konflikten som ein kamp mellom diktatur og demokrati.

Den britiske historikaren Richard Sakwa har skrive boka «Frontline Ukraine». Han fortel at Ukraina fekk same problem som Russland då Sovjet fall, med oligarkar som rana til seg stor politisk og økonomisk makt. At Zelenskyj no kjempar mot korrupsjon, er forståeleg. Men fekk ikkje han også støtte av ein oligark for å koma i posisjon?

Sakwa fortel også at fleire tusen ekstreme nasjonalistar i 2014 marsjerte inn på Maidan-plassen med banner og bilde av Bandera. Han var ein fascist som under krigen samarbeidde med tyskarane, mellom anna om jødeutryddinga. Desse nasjonalistane fekk viktige politiske stillingar og forbaud russisk som offisielt språk, noko som førte til opprøret og borgarkrigen i aust. Det var ikkje Putin som starta opprøret, sjølv om han etter kvart støtta opprøra.

«Det er meiningslaust å pøsa på med våpen»

World Beyond War (WBW) er ein internasjonal fredsorganisasjon. Eit av styremedlemmene, Yurii Sheliazhenko, er ein ukrainsk pasifist. WBW melder no at han er henta av politiet og formelt klaga for å ha rettferdiggjort Russlands aggresjon. Dette skal vera basert på ei kunngjering frå ukrainske pasifistar. Der støttar dei FNs generalsekretær si fordømming av Russlands aggresjon og ber om ein fredeleg slutt på krigen. I kunngjeringa kjem det også fram at rettane til militærnektarar aldri har vore sikra. (Dei blir vel rekna som forrædarar nå.)

I september-utgåva av Ny Tid står ein artikkel av Maxim Goldarb, også ukrainar. Han er leiar av eit parti som er forbode; det er nemleg sosialistisk. «Sosialisme og kommunisme er bannlyst,» skriv han, «og venstreorienterte aktivister blir forfulgt og fengslet.» Det mest sjokkerande han skriv, er at det blir brukt store mengder pengar på skilt. Alt som kan minna om russisk kultur skal visst bort. Gater og torg får nye namn, ofte oppkalla etter fascisten Bandera!

Militære ekspertar har uttalt at dei ikkje trur nokon av partane kan vinna krigen. Då er det meiningslaust å pøsa på med våpen; det tener berre våpen-industrien på, medan det fører til liding og store materielle skadar for sivile. Fleire fredsorganisasjonar i mange land vil bruka første veka i oktober til kampanjar for våpenkvile og forhandlingar, som er det einaste fornuftige.

 

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *