av Ingegerd Austbø, Styremedlem WILPF Norge/IKFF

U.S. Air Force B-1B Lancer bomber, creative commons lisence

 

 

 

 

 

 

 

 

Då Norge gjekk inn i NATO i 1949, vedtok regjeringa «base-erklæringa», som vart følgt under den kalde krigen. Målet var balanse mellom avskrekking og tillitsskapande tiltak. NATO-medlemskapen skulle avskrekka Sovjet, men ein ville ikkje provosera. Derfor vart det bestemt at Norge ikkje ville tillata utanlandske basar og atom-våpen i landet i fredstid. Dessutan var det militære nærveret relativt lite i Finnmark.

Dagens regjering vil gjerne ha oss til å tru at desse prinsippa gjeld ennå. Men i dag er det bare avskrekking som gjeld. Det står også i gjeldande langtidsplan at forsvarets hovudoppgåve er avskrekking. I praksis skjer denne avskrekkinga ved hjelp av NATO, spesielt USA. I fjellhallar i Trøndelag har USA stor lager av militært utstyr. I tillegg har militære styrkar frå NATO-land vore oftare i Norge i seinare år, t.d. i form av store militærøvingar med mange tusen deltakarar.  I fjor og i år måtte dei avlysast p.g.a. korona-pandemien. Atomdrivne u-båtar operer langs norske-kysten og den militære aktiviteten i nord har auka, i Barentshavet og Norskehavet. Tormod Heier, professor ved Forsvarets Høyskole , har advart mot dette. Han peikar på at varslingstida blir kortare,noko som kan føra til farlege situasjonar fordi ein mistolkar fienden. Me har ein ny kald krig, meiner han.

Nå får me nok eit avskrekkingsmiddel, nemleg amerikanske bombefly. Eit nederlandsk luftfartsmagasin opplyser at 4  B -1B Lancers bombefly skal utplasserast på Ørlandet i februar. Flya blir kalla «heavy bombers» og ber langtrekkande missilar, tidlegare atom-våpen. Kor lenge dei skal vera her er uvisst. Forsvarsdepartementet vil ikkje kommentera saka. I fjor var to slike fly på tokt over Sverige, som er assosiert medlem av NATO. USA Air Force  har også «testa» flyplassen på Jan Mayen, truleg med tanke på evt. seinare bruk.

Fot USA er spesielt Nord-Norge strategisk viktig i rivaliseringa med Russland.(såkalla «fremskutt forsvar»). Det er nemleg nær Kola-halvøya,der Russlands største marinebasar er, ikkje minst for  u-båtar.  Spesielt fryktar USA atomvåpen- styrkane. Fot Norge som småstat er det viktig å ha eit  fredeleg og godt forhold til vår store nabo i aust. Men ved å tillata USA og andre NATO-land å operera stadig meir og nærare Russland risikerer me at landet vårt blir ei slagmark i ein konflikt mellom USA og Russland. Derfor bør målet vera avspenning i nord, ikkje opprusting.

last ned som pdf her: nei til amerikanske bombefly

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *