Fråsegn frå landsstyremøtet i IKFF 9.juni 2020

I USA er det nær tre gonger så sannsynleg å bli drept av politiet hvis du er svart. 

System og strukturar må endrast fordi dei avlar vald, rasisme og urettferd. Dette er den overordna bodskapen frå demonstrasjonane verda over etter drapet på Georg Floyd. 

Demonstrasjonane, og dei krav som vert reist, viser til fulle at demilitarisering ikkje berre er eit spørsmål som gjeld hær og militæret, men og politiet i alle land. I USA er politiutdanninga ofte svært kort og prega av militær tankegang med sterk vekt på våpenbruk. Grunnleggjande kulturendringar må til for å overvinne vald og drap frå USA-politiet si side. To spørsmål er særleg viktige: 

  • Gjennomføre avvæpning og demilitarisering av politiet
  • Gjennomføre ei kulturendring i politiet så alle menneske vert likt behandla uansett bakgrunn og hudfarge.

IKFF arbeider mot opprustning og militarisering – og for fred, fredskultur og fredeleg konfliktløysing. Dette arbeidet gjeld ikkje berre rein militær verksemd, men og andre yrkesgrupper f.eks. politiet.

IKFF meiner det er viktige lærdommar å hente for vårt land frå det som no skjer i USA:

Vi vil ha eit politi i Noreg som brukar makta si med andre middel enn våpen. Å stoppe og reversere tendensane til væpning av politiet, må bli ei sak som kjem høgt opp på dagsorden i komande stortingsval.

Vi vil ha eit politi som behandlar alle menneske likt uavhengig av hudfarge og bakgrunn. Mykje tyder på at praksis i dag ofte er prega av rasistisk profilering: menneske blir stoppa av politiet fordi dei ser annleis ut enn fleirtalet. Vi treng fleire undersøkingar og meir dokumentasjon om kva som er fakta på dette området i dag. Det er særleg viktig at politiet, tilliks med andre i maktposisjonar, set ord på kva kvardagsrasisme er, og gjennom konkrete tiltak motarbeidar dette i systema sine. Det er å skape fred.

Audgunn Oltedal
 

 

 

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *