av Ingegerd Austbø, styremedlem IKFF

Amerikanske jøder sier Våpenhvile nå, foran Frihetsstatuen. Foto: Jewish voice for peace

 

Eit folk/ein nasjon kan ein definera som er ei gruppe menneske med felles språk,
skikkar, tradisjonar og institusjonar. Dei bur også geografisk samla. Det var vel først
med den nasjonale reisinga på 1700-1800-talet at nasjonalitet vart ein viktig del av
folk sin identitet. Når det gjeld jødane, passar definisjonen på dei som bur i Israel,
men dei plar me kalla israelarar. Det er vanskelegare å få jødar elles til å «passa
inn» i definisjonen, ettersom dei bur i mange ulike land og snakkar ein mengde ulike
språk.
For mange år sidan organiserte Israel ei luftbru som frakta etiopiske jødar til Israel.
Då eg såg TV-reportasjen om det, vart eg forundra. «Det er jo afrikanarar», tenkte
eg. Eg var van med at jødar ser ut om lag som oss europearar, eit inntrykk som var
basert på norske jødar og israelske politikarar eg hadde sett på TV. Så tenkte eg:
«Dersom det er slik at alle jødar er etterkomarar av dei som budde i Palestina for
2000 år sidan, burde dei vel sjå ut som sine semittiske slektningar, arabarane.»
Dette var i mange år litt av eit mysterium for meg.

Den israelske hitorikaren Shlomo Sand
Men så oppdaga eg nokre bøker av den israelske hitorikaren Shlomo Sand. Dei
gjorde mangt tydlegare for meg. Som 18-20-åring deltok S. Sand i krigen i 1967.
Men etter kvart kom han til å stilla spørsmål ved mange «offisielle sanningar», og
han gjorde grundige studiar.
Sand fortel at jødedommen, liksom kristendommen, vart spreidd ved misjonering,
spesielt i hundreåra før islam oppstod. Han nemner mange stader der det oppstod
jødiske trussamfunn, som Egypt, Jemen og Etiopia, men også i området mellom
Svartehavet og Kaspihavet, der Kazaarane slutta seg til jødedommen. Prinsipielt
burde ein såleis sjå på jødane og dei kristne på same vis, altså at menneske i ulike
land kan tilhøyra same religion. Men slik har det ikkje blitt. Ein viktig grunn er vel at
makthavarane i europeiske land slutta seg til kristendommen, noko som gjorde dei
forferdelege jøde-forfylgingane mogleg. Nettopp erfaringane med å bli
diskriminerte og forfylgde har kanskje gjort at jødane har kjent på eit sterkare band
til sine trus-søsken enn dei kristne har gjort. Men gjer dette dei til eit folk i vanleg
forstand?
Det er vanskeleg å forstå kor dette jødehatet kjem frå. Men viss eg har forstått det
rett, har det si rot i at jødane ikkje ville akseptera Jesus som Messias, frelsaren
som skulle koma. I alle fall har kristne i hundrevis- ja tusenvis- av år diskriminert,
trakassert og forfylgt jødane. Det toppa seg på 1800-talet med fælslege pogromar i
Russland/Aust-Europa. Bakgrunnen for dette var framveksten av nasjonalisme og
nasjonalstatar. Jødane vart ikkje sett på som del av desse nasjonane. Ein russar
måtte høyra til den ortodokse kyrkja, mens ein polakk var katolikk o.s.v. Jødane var
redde og hadde behov for ein stad der dei kunne kjenna seg trygge. På slutten av
1800-talet oppstod så sionismen, tanken om at jødane var eit folk som skulle flytta
«heim» til Zion, (Eerets Israel som dei kalla det) der forfedrane skulle ha budd 2000
år tidlegare.
Sand fortel at desse tankane møtte stor motstand blant leiande rabbinarar – basert
på teologiske argument. Dei hevda at basisen for jødedommen var bøkene, tekstane, ikkje det konkrete landet. Landet hadde ei meir spirituell meining. (Her er
vel ein parallell til kristendommen, der Palestina er viktig fordi religionen oppstod
der. Å reisa på pilegrimsferd dit er bra, men ein treng ikkje flytta dit.) Rabbinarane
åtvara mot å flytta til Palestina; ein skulle ikkje prøva å provosera fram den lova
frelsa. Men den vanskelege situasjonen jødane levde under, gjorde at slike
innvendingar ikkje vann fram.

Balfour- erklæringa
I 1917 kom Balfour- erklæringa, der den britiske utanriksministeren lova jødane eit
heimland i Palestina. (Dei var ikkje velkomne til Storbritannia.) Då første
verdskrigen tok slutt og Osmanriket fall, konkurrerte Frankrike og Storbritannia om
makta, og Storbritannia «fekk» Palestina. Det vart formelt eit britisk mandat,
administrert på vegne av Folkeforbundet. Jødar hadde alt begynt å flytta til
Palestina. Man det var ikkje «eit folk utan land» son fann «eit land utan folk», slik
somme hevda. På slutten av 1800-talet budde det færre enn 5000 jødar i Palestina,
mens det totale folketalet var 250 000 kristne og muslimar. I heile verda var det ca.
2,5 million jødar, først og fremst i Aust-Europa. At så mange flykta frå pogromane
der er vel grunnen til at ein høg prosent-del av dagens israelarar har europeisk
opphav.
Det finst også mange kristne sionistar, spesielt blant ulike protestantar. Sand
meiner dette kan ha samanheng med at reformasjonen gav folk Bibelen på
morsmålet. Dermed kunne dei bli godt kjende med «gamletida». Kristen-sionistane
meiner at jødane må flytta «heim» til Palestina og bli omvende til kristendommen.
Først då kan Jesus kom att. «Hjelp jødene hjem» er namnet på in norsk
organisasjon, eit namn som vel uttrykker kva den arbeider for.

FNs delingsplan fra 1947
Det mest ekstreme utslaget av jødehat var Hitler si «Endløsung», med «industriell»
utrydding av av jødar. Sjokket over dette gjorde at FN i 1947 vedtok ein delingsplan
for Palestina, der det skulle bli ein palestinsk og ein jødisk stat. Jødane skulle ha
55% av området, palestinarane 44%. Jerusalem skulle ha ei spesiell stilling. Året
etter kunngjorde Ben Gurion at staten Israel var oppretta. Palestinarane og arabar-
statane ville ikkje godta at det skulle opprettast ein jødisk stat på deira område, og
den første krigen mellom Israel og arabiske statar braut ut. Britane trekte seg ut då
det vart for mykje strid og uro. Seinare har det vore fleire krigar. Palestinarane
hadde ikkje fått bygd opp nødvendige institusjonar i 1948, slik sionistane hadde. I
dag kan me vel seia at palestinarane har (restane av) ein kvasi-stat. I 1967
okkuperte Israel områda som skulle vore den palestinske staten. I alle år har Israel
«teke seg til rette» her. Dei har fortrengt og trakassert palestinarane.  

 

Eit makteslaust FN?

FN har vedtatt mange resolusjonar som fordømmer Israels okkupasjon, og Israel har rekord i det å
ikkje fylgja opp FN-resolusjanar. Problemet er at Generalforsamlinga ikkje kan setja
makt bak kravet, og i Tryggingsrådet har USA lagt ned veto.
Med dagens høgre-ekstreme regjeringi Israel er politikken blitt nettopp det,
ekstrem. I dag er talet på israelske busetjarar på Vestbreidda om lag det same som
talet på palestinarar som vart fordrivne under Naqba, då Israel vart oppretta, ca.
700 000. Det er i stor grad etterkomarane etter desse flyktningane som i dag blir
bomba på Gaza. Reportasjane derifrå er forferdelge . FNs generalsekretær har
fordømt Hamas-angrepet, men har også sagt at det ikkje rettferdiggjer Isralel si kollektive straff av Palestinarane. Ein israelsk politikar kravde då Guiterres sin avgang. Me får også informasjon om forholda på Vestbreidda, noko «mainstream-media» har informert lite om før. Sidan krigen starta har forholda der er blitt endå verre enn dei var. Valden frå busetjarane har auka.15 landsbyar med minst 828 personar er blitt fordrivne. Minst 176 er drepne og over 2000 arresterte.(KK 11.
november)
Generalforsamlinga i FN har vedtatt ein resolusjon som krev våpenkvile. Norge
stemte for, men dei store europeiske statane stemte mot, som USA. To forslag er
forkasta i Tryggingsrådet, eit russisk forslag og eit brasiliansk.
Er det dårleg samvit p.g.a. holocaust som gjer at spesielt USA og europeiske land
støttar Israel uansett kva det gjer? Men ein urett kan ikkje gjerast god med ein ny
urett. Vestmaktene burde ha lagt press på Israel og kravd slutt på okkupasjonen. I
staden gjentar dei «mantraet» om at Israel har rett til å forsvara seg. Kva med
palestinarane? Etter folkeretten har dei rett til å forsvara seg mot okkupasjon og
kolonialisme.

Vestlig dobbelmoral

Mange har peikt på Vestens dobbelt-moral. Når det gjeld Ukraina, blir
Russland kalla okkupant og ein snakkar om brot på folkeretten. Dessutan vil ein
stilla Russland for den internasjonale krigsforbrytar domstolen. Men sjefen for
denne domstolen slepp ikkje inn i Gaza, og dei same landa snakkar lite om Israels
okkupasjon.
Det er nok bare USA som kan legga press på Israel; det er i stor grad USA som
forsyner landet med våpen. Kva bestemmer USAs politikk? Me veit at våpen-
lobbyen er sterk, men også kristne og jødiske sionistar presser på. Men det er
truleg USAs eigne stormaktsinteresser som er viktigast.
Det ser ikkje så lyst ut. Hatet aukar på begge sider, og i fleire europeiske land aukar
både jødehatet og islamofobien. Mange skil ikkje mellom vanlege jødar og den
israelske staten, eller mellom Hamas og vanlege muslimar. Men mange engasjerer
seg i demonstrasjonar. Det er ille at ein ville forby pro-palestinske demonstrasjonar
i Storbritannia.  Kva med ytringsfridomen, som er fundamental for demokratiet? Det
er positivt at jødar også stiller opp i solidaritet med palestinarane. Dette gjeld også
innad i Israel. Opp gjennom historia har forholdet mellom jødar og muslimar vore
mykje betre enn mellom jødar og kristne. Dei har i stor grad levd fredeleg saman.
Men opprettinga av staten Israel forandra dette – og bakgrunnen for det var altså
pogromane og holocaust. Det kristne Vesten har såleis eit stort ansvar for utviklinga
i Midt-Austen.

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *