3,3 milliardar til bøndene, 30 milliardar til militæret (i første omgang) 

av Ingegerd Austbø og Tale Simonsen

Innlegget sto på trykk i Stavanger Aftenblad 15.mai

Mange bønder slit med store lån, lange arbeidsdagar og låg inntekt. Mange har jobb i tillegg til gardsarbeidet, og dei unge kvir seg for å overta gardane. I årets inntektsoppgjer er statens tilbod om lag det halve av kravet frå Bondelaget.  I rapporten sin foreslår forsvarskommisjonen ein snarleg auke på 30 milliardar. I Tillegg er det forslag om ein opptrappingsplan over ti år, med ein årlag auke på 40 milliardar. Om bøndene fekk tre-fire  milliardar av dei tretti, ville det ikkje bety så mykje for militæret, men det ville bety mykje for bøndene – og for beredskapen.

SIPRI (fredsforskingsinstituttet i Stockholm) lagar kvart år ein rapport med oversikt over militærutgiftene i verda, og over kjøp og sal av våpen. Nå melder dei at 2022 var det åttande året på rad med auke. Totalt brukte verda i fjor 2240 milliardar dollar på militærvesenet, 2,2% av BNP. USA stod for 39% av dette, Kina for 13% og Russland for 3,9%. Rapporten frå 2021 viser at dei største våpen-eksportørane var USA, Russland, Frankrike, Kina og Tyskland (I alt 77%av totalen). Av dei 100 største selskapa var 41 amerikanske. For minst 60 år sidan advarte president Eisanhower mot makta til det det han kalla «det militær- industrielle kompleks». Dei amerikanske tala tyder på at våpen-lobbyen har stor makt.

Etter Russlands invasjon av Ukraina vil alle NATO-land auka militærbudsjetta sine. Det er vanskeleg å forstå at dette kan vera nødvendig, all den stund NATO i mange år har hatt minst ti gonger så stort militærbudsjett som Russland. Korleis kan Russland ha kapasitet til å angripa NATO-landa når dei slit slik i Ukraina?

Me lever i ei tid der verda står overfor enorme problem med stadig varmare klima, store skadar på natur-miljøet, og dessutan fattigdom og naud mange stader i verda. Då bør ressursane brukast til å takla desse problema, ikkje på endå fleire våpen, som ikkje gjer oss tryggare, og som dessutan skadar klima og miljø.

Ingegerd Austbø og Tale Simonsen,
Styremedlemer i Sandnes- IKFF (Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet)

Utskriftsvennlig innlegg her.

Kva brukar me milliardane til

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *