Atomspørsmål

Danger nuclear Gjennom WILPFs internasjonale prosjekt Reaching Critical Will (RCW) pågår et kontinuerlig arbeid for atomnedrustning og ikkespredning.

IKFF er gjennom RCW den eneste organisasjonen som overvåker, rapporterer fra og analyserer samtlige internasjonale møter og konferanser om atomnedrustning, og fremskaffer alltid nyheter og informasjon om hva som pågår i disse foraene. Samtidig arbeider projektet med å samordne og styrke det sivile samfunnets interesse for det som skjer i det internationale atomvåpenmaskineriet.

Det finnes så lite lett tilgjengelig informasjon. Avisene skriver ikke om disse tingene. Derfor forsøker vi å formidle litt av alt det som skrives på de faste nettstedene og tidsskriftene om atomsaker. Eva Fidjestøl lager regelemssige nyhetsbrev hvor henvisninger finnes under alle nyhetssakene.

 

 

Bærekraft, miljø og militarisme var temaet for et miniseminar som IKFF arrangerte i Fredshuset 19. september. Fride Eeg-Henriksen fra IKFF snakket først og fremst om helse- og miljøskadelige virkninger av atomavfall. Innledningen bygger på et bokessay hun hadde i Klassekampen 16. desember 2016 «USAs glemte atomsynder». Hun viste også en liten film, en episode av John Olivers Last Week Tonight om Nuclear Waste fra 20. august.

Gaute Eiterfjord fra Natur og ungdom snakket om miljøkonsekvenser av militærvirksomhet, konflikter som forsterkes av miljøproblemer og den økende voldsbruken som mange miljø- og urfolksaktivister møter over hele verden.

Det var noen få deltakere på seminaret, som diskuterte de mange ulike problemstillingene som kom opp. Ideer til innhold og samarbeid rundt seminar i anledning Tsjernobyldagen 26. april 2018 kom også fram.  For å legge grunnen for mer aktivitet, samarbeid mellom organisasjonene og kunnskapsoppbygging innen feltet, publiseres innledningene med PowerPoint-presentasjoner her.

Lenker

Nyhetsbrev om atomspørsmål

juni 2014→

mars 2014→

oktober 2014→

september 2013→

Hundre gode grunnar mot atomkraft→

Atomvåpen trenger atomkraft

Av Eva Fidjestøl

Gjennom alle år har WILPF arbeidet for nedrustning. Etter at USA slapp atombomber over Hiroshima og Nagasaki i 1945 begynte WILPF å engasjere seg i arbeidet for en verden uten kjernefysiske våpen “A nuclear free world”. IKFF-medlemmer i Norge har i alle år vært aktivt med i kampen mot atomvåpen.

Gruvedriften av uran til atomkraftverk starter en produksjonsprosess som gir råstoff til atomvåpen og i senere år også til uranvåpen. Denne aktiviteten fører til uløselige helse-, miljø- og sikkerhetsproblemer globalt. WILPF har derfor også engasjert seg i arbeidet mot bruken av atomkraftverk og i opplysningsarbeid om helse og miljøvirkninger av stråling.

På en konferanse om såkalt fredelig bruk av atomkraft i 1955, foreslo Gertrude Baer som var WILPF’s representant i Verdens helseorganisasjon (WHO), en uttalelse som ba WHO om å starte en studie av konsekvensene av radioaktiv forurensning fra prøvesprengningene av atomvåpen. Hun advarte også mot risikoen knyttet til bruk av såkalt fredelig atomenergi og ba om mer forskning på andre energikilder som sol og vindkraft. WHO ble også bedt om å arbeide for å få spørsmålene om bruk av atomreaktorer og virkningene på helse inn på FNs dagsorden.

På konferansen “The Law of the Sea” i London i 1959 ba WILPF om et forbud mot å ha atomvåpen stasjonert i havområder og dumping av radioaktivt avfall i havet.

Verdens helseorganisasjon (WHO) og Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har en avtale seg i mellom som i praksis gir fysikerne i IAEA kontroll over hva som blir sagt og gjort når det gjelder helsevirkninger av stråling. Den franske og norske seksjonen av WILPF har i flere år arbeidet for at avtalen mellom WHO og IAEA fra 1959 må revideres. Denne avtalen har ført til at det er atomindustrien som vurderer helsekonsekvensene fra radioaktiv stråling, og ikke medisinerne i WHO. Ikkespredningsavtalen om atomvåpen (NPT) har en paragraf 4 som innebærer at IAEA fremmer bruk av atomenergi. WILPF arbeider for å få forandret på dette.

International Atomic Energy Agency (IAEA) og World Health Organization (WHO)

Ulike vurderingar av tsjernobylulukka

Til 20-års markeringa for tsjernobylulukka kom Tsjernobyl Forum, oppretta i 2003 etter initiative frå IAEA i samarbeid med seks andre FN-organisasjonar, med ein rapport. Rapporten vart presentert som den mest omfattande evalueringa av tsjernobyl-konsekvensane for menneske og miljø så langt. Rapporten har fått stor autoritet og blir brukt av regjeringar og industriselskap over heile verda. Rapporten slår fast at atomulukka har vore direkte årsak til 50 dødsfall mellom brannmannskapet og operatørane på kraftverket, 200 krefttilfelle frå akutt stråling og 4000 tilfelle av skjoldbruskkjertel-kreft, der berre ni har hatt dødeleg utgang. Dei har og rekna ut at opptil 4000 menneske kan komme til å dø av kreft på grunn av nedfallet frå tsjernobylulukka. Denne rapporten undervurderte og ignorerte store mengder med helserapporar og vitskaplege arbeid frå Aust Europa og tidlegare Sovjetrepublikkar, og brukte utdaterte modellar for strålevern til å rekne ut helse- og miljøkonsekvensane av tsjernobylulukka.

Til 25 års markeringa for tsjernobylulukka gir New York Academy of Sciences ut ei artikkelsamling der dei presenterer medisinske rapportar og vitskaplege artiklar som før berre har vore tilgjengelege på russisk. Heile 5000 artiklar ligg til grunn for utvalet. Konklusjonen i denne boka er at hittil har omtrent ein million menneske dødd som resultat av tsjernobylulukka.

Hovudårsaka til denne situasjonen er ei avtale mellom IAEA og WHO frå 1959 (Res. WHA 12-40, 28. May 1959). Denne avtalen har ført til at IAEA har hatt einerett på å evaluere tsjernobylulukka og andre atomulukker for å verne om den sivile atomindustrien sitt gode rykte, medan WHO med sine ekspertar på stråling og helse, har vore sett på sidelinja.

Historia til internasjonalt strålevern 

Like etter at dei atmosfæriske atombombetestane starta I Nevada i USA i 1951 vart International Commission on Radiological Protection (ICRP) oppretta. Heile Nord-Amerika blei i 1950-åra til ein stor atombombefabrikk med urangruvedrift, anrikingsanlegg, brenselsfabrikkar, atomkraftverk, gjenvinningsanlegg og mange anlegg for å produsere dei ulike delane av atombombene.

Før andre verdskrigen var det medisinarane som leia arbeidet med strålevern, men etter Manhattan prosjektet for å bygge dei første atombombene (1942-45), var det fysikarane som overtok. På grunn av atomløyndomar og nasjonal tryggleik vart ICRP danna slik at medlemmene sjølv skulle både velje og supplere kvarandre og avgjere lengda av medlemsskapet. Ingen profesjonell organisasjon, ikkje ein gong WHO, kan få ein person inn i hovudkomiteen til ICRP, som i dag er retningsgjevande for alt internasjonalt strålevern. Dei foreslår dosegrenser for arbeidarane i atomindustrien og dei vanlege borgarane, som nasjonane er frie til å implementere eller ikkje. Dei fleste land godtek ICRP sine grenseverdiar sidan dei ikkje sjølve har ekspertise eller ressursar til å utvikle sine eigne standardar. Strålevernet til ICRP bygger på ei avveging mellom risiko og nytte. I retningslinjene deira er dette uttrykt slik: “The main objective of the Commission ́s recommendations is to provide an appropriate standard of protection for man without unduly limiting the beneficial practices giving rise to radiation exposure.”

Kommisjonen har aldri hatt barnelegar, gynekologar, filosofar eller sosialantropologar som medlemmar. Alle medlemmane representerer folk og miljø som brukar stråling. Kommisjonen er heller ikkje ei gruppe av uavhengige vitskaplege ekspertar. ICRP har aldri teke parti for ofra for bombetesting, atomulukker eller eksperimentering med radioaktivitet på menneske. Det siste foregjekk I USA i stor grad i tidsrommet 1944-1974.

Då reglane for strålevern først vart utvikla, var det atomkrigen ein planla og frykta. Grenseverdiane vart fastslegne for å verne soldatane og finne ut kor mykje dei tålte utan å bli stridsudyktige. Hovudstraumen av forsking var ikkje oppteken av rapportane om spontanabortar, barn med låg fødselsvekt, auke i barnedød og medfødde misdanningar som følgje av eksponering for radioaktivitet.

Dei første grenseverdiane til ICRP var 150mSv/år. Dette vart redusert til 50mSv for arbeidarane i atomindustrien og 5mSv til vanlege folk. Denne grensa stod fast til 1990, då presset frå meir enn 700 forskarar og legar førde til ny reduksjon. I dag er grensene 20mSv/år til arbeidarane og 1mSv/år til vanlege folk. Uavhengige forskarar hevdar at dette stemmer bra for ytre stråling frå røntgen og gammastråling, men ikkje når det gjeld stråling frå radioaktive isotopar inne i kroppen. Dette er godt underbygt med forsking, spesielt i dei 25 åra etter Tsjernobylulukka. ICRP blir kritisert for at dei ikkje tek omsyn til dette, men nyttar ein utdatert modell for å fastsette stråledosar. Ei gruppe med uavhengige forskarar med Chris Busby i spissen tok denne utfordringa og stifta i 1997 “The European Committee on Radiation Risk”. I 2003 gav dei ut sin første rapport med nye retningslinjer for strålevern. Til dette fekk dei støtte av Dei Grøne og andre medlemmar i Europaparlamentet.

Starten på sivil atomindustri

I 1954 testa USA si første hydrogenbombe og demonstrerte at eit atomvåpen som var tusen gonger sterkare enn Hiroshimabomba kunne lagast. Det var denne hendinga som førde til Dwight Eisenhower si tale om

“The Peaceful Atom” i FN der han gjekk inn for sivile atomkraftverk. Dette førde til starten på utvikling av sivil atomindustri parallelt med vidare utvikling av den militære atomindustrien i USA. Sivil atomenergi vart lansert som løysinga på verdas energibehov. FN svara på dette med å opprette “The United Nations Scientific Committee on the Effects of Atomic Radiation” (UNSCEAR). Denne organisasjonen fekk som oppgåve “å vurdere og rapportere om effektar av eksponering frå ioniserande stråling”. I følgje UNSCEAR si heimeside er regjeringar og organisasjonar over heile verda avhengige av komiteen sine vurderingar, som den vitskaplege basis for å vurdere strålingsrisiko. UNSCEAR vart danna som ein organisasjon av berre fysikarar og det var ofte dei same fysikarane som arbeidde i atomindustrien. Fleire av desse var også medlemmar både i ICRP og UNSCEAR på same tid. Dette betyr at dei same personane er med og bestemmer både reglane for strålevern og den vitskaplege vurderinga av dei. Atomindustrien vart frå starten av ein industri som kontrollerte seg sjølv.

I 1957, også som reaksjon på Eisenhower si tale, oppretta FN organisasjonen “International Atomic Energy Agency (IAEA). Denne organisasjonen fekk som mandat å arbeide for å utvikle og utbreie sivil atomkraftindustri som skulle føre til fred, god helse og velstand over heile verda. Dei skulle på same tid halde kontroll med materiale og teknologi slik at det ikkje vart brukt til å lage atomvåpen, men fekk ikkje noko mandat til å kontrollere dei fem etablerte atomstatane. (USA, Sovjet, Kina, Frankrike og Storbritannia). På grunn av at IAEA fekk som oppgåve å overvake spreiing av atomvåpen, skal dei rapportere direkte til Tryggleiksrådet i FN, og står difor over alle dei andre atomorganisasjonane i FN som rapporterer til Generalforsamlinga. IAEA har sekretariat i Wien med 2200 tilsette frå 90 land. Dei driv, eller støttar forskingssenter og vitskaplege laboratorie i mange land. Inspektørar reiser omkring for å passe på at fissilt materiale og aktivitetar ikkje blir brukt til militære formål. Dei overvakar Ikkje-spreiings avtala (NPT) der 145 land i 1970 forplikta seg til eit endeleg mål om total atomnedrusting. Dei hjelper og land å utvikle fredeleg atomvitskap og teknologi innan energi, miljø, helse, industri og jordbruk, på same tid som dei hjelper til med å styrke atomtryggleik og vern av folk og miljø mot unødvendig radioaktiv stråling. I dette arbeidet brukar dei ICRP sine grenseverdiar og modellar, som betyr at menneske og miljø skal eksponerast for så lite stråling som mogeleg, utan at det går utover arbeidet i dei anlegga og den aktiviteten som er årsaka til stålingseksponering.

WHO

The World Health Organization (WHO) vart oppretta av FN alt I 1948. Ein skulle trudd at alle dei nye atomorganisasjonane ville gått til medisinarane i WHO for å be om hjelp og samarbeid i prosessen med å vurdere strålingsrisiko. Det gjorde dei aldri. Det var ICRP som fekk den oppgåva. WHO fekk inga rolle i å vurdere helseskadane frå denne nye globale trusselen for menneske og økologiske system. Deira rolle blei å pleie offera utan å prøve å forstå årsakene til sjukdom og skadar som vart observerte. Heilt frå starten var det ei interessekonflikt mellom WHO som hadde som mandat å ta vare på helsa til menneska i heile verda, og IAEA som hadde som mandat å spreie sivil atomteknologi til heile verda. Skræmde av atomtestane i atmosfæren kalla WHO i 1957 kjende genetikarar saman til ein konferanse for å vurdere skaden desse radioaktive utsleppa kunne påføre genpolen til menneske, dyr og planter. Professor Hermann Müller, som fekk Nobelpris i 1944 for sitt arbeid om genetisk mutasjon av bestrålte bananfluer, deltok på konferansen. Han og dei andre genetikarane som var der åtvara sterkt mot utviding av atomteknologien for sivil bruk. Dei konkluderte med at det ikkje var nok informasjon tilgjengeleg i den vitskaplege verda til å garantere at dette  ville skade framtidige generasjonar.

Denne konflikten mellom dei som ønska å utvikle den nye teknologien for både sivil og militær bruk, og dei ansvarlege for folkehelsa, vart løyst gjennom ein avtale (Res. WHA 12-40, 28 May 1959) som slo fast at IAEA og WHO var einige om å dele ansvar og arbeidsområder når det galt atomenergi. I WHA 12-40 står det formulert slik: “The IAEA has the primary responsibility for encouraging, assisting and coordinating research on, and development and practical applications of, atomic energy for peaceful uses throughout the world without prejudice to the right of the WHO to concern itself with promoting, developing, assisting and coordinating international health work, including research, in all its aspects.” […] “Whenever either organization proposes to initiate a program or activity on a subject in which the other organization has or may have a substantial interest, the first party shall consult the other with a view to adjusting the matter by mutual consent.”

Kritikk av WHO

Dette har ført til at IAEA har teke på seg hovudansvaret for å evaluere tsjernobylulukka og andre atomulukker medan dei profesjonelle på stråling og helse i WHO har blitt hindra i å ha ei sjølvstendig rolle i dette. WHO er ansvarleg for å arbeide med globale helseproblem, sette normer, skaffe teknisk hjelp til land som treng det og evaluere helsetrendar. Dei skal bekjempe epidemiar og styrke helsesystem, spesielt i fattige land. Dei 193 medlemslanda i WHO møtest kvart år i Genéve til WHO Assembly (WHA). Her blir arbeidet planlagt og budsjettet vedteke. Seks regionale komitear arbeider med helseproblem innan sitt område. Aksjonen mot tobakksindustrien, som WHO førde i mange år, er eksempel på at arbeidet lukkast. Ser vi derimot på skadane frå atomindustrien, så har WHO gjort ein dårleg jobb. Då Margaret Chan blei vald til generaldirektør for WHO, understreka ho at ein av organisasjonen sin store styrke var den verknad han hadde på folkehelsespørsmål. “Vi har ein absolutt autoritet gjennom våre direktiv”, sa ho. Men når det gjeld radioaktivitet og helse ville det ha vore meir realt å innrømme at det faktisk er IAEA som har denne absolutte autoriteten, utan å ha medisinsk kompetanse innan offentleg folkehelse.

Alison Katz var tilsett i WHO i 18 år og arbeider no for ein NGO. Ho skreiv i eit opent brev til sin tidlegare sjef, datert 22. januar 2007: “WHO sin talsmann hevda at alle dokumenta frå FN sin internasjonale konferanse om Tsjernobyl i Genève i 1995 var blitt offentleggjorde. Men det blei dei aldri. Heller ikkje frå konferansen i Kiev i 2001 kom det nokon fullstendig rapport. Då journalistar konfronterte WHO med dette, vart løgnene gjentekne om at desse rapportane var gitt ut. Som referanse viste dei berre til samandrag av foredraga i Kiev, og eit svært avgrensa utval (tolv av fleire hundre) artiklar og foredrag frå Genève- konferansen. Dette er typiske eksempel på den institusjonelle tilsløringa av helsekonsekvensane frå Tsjernobyl-ulukke og frå heile atomindustrien. IAEA fungerer som ein lobby-organisasjon med dobbeltmandat. Organisasjonen har ingen kompetanse på helsepolitikk eller helseforsking. Men WHO, som har det, må ha IAEA sitt samtykke for å uttale seg. WHO har gong etter gong måtta gå god for IAEA sine mangelfulle helsestatistikkar. Vi krev ein revisjon av avtalen mellom IAEA/WHO slik at WHO kan fungere som den dirigerande og koordinerande autoriteten på internasjonalt helsearbeid […]..oppmuntre og leie forsking og skaffe informasjon, råd og assistanse på området helse.”

Det finst også andre eksempel på at tilsette i WHO har gått ut med denne typen kritikk, etter at dei har slutta i organisasjonen. Tidlegare generaldirektør i WHO, Hiroshi Nakajima, sa i eit intervju i Kiev i 2001 at det var IAEA som stansa utgivinga av den lenge etterspurde rapporten frå Tsjernobylkonferansen i Genève i 1995. Det er første gong at ein person i ein så høg stilling har sagt noko slikt rett ut.

Dr. Keith Baverstock var tilsett i WHO som spesialist på lågdosestråling og helse i 11 år. I desember 2001 gjorde han saman med to kollegaer ferdig ein rapport om utarma uran og helse, ein rapport som ikkje vart publisert. Tre år etter, då Baverstock hadde slutta i WHO, sa han i eit intervju i Sunday Herald, 22.february 2004 at det var IAEA som hadde pressa WHO til å stanse denne rapporten: “ because they did not like our conclusions”.

Krav om endring av avtalen mellom IAEA og WHO

I fleire år har internasjonale organisasjonar som Kvinneliga for Fred og Frihet (WILPF) og legar mot atomkrig (IPPNW) sendt brev til, og møtt opp ved dei årlege WHA-møta i Genève, for å krevje at avtalen mellom WHO og IAEA må endrast slik at WHO kan bli fri til å arbeide sjølvstendig med eit av dei største helseproblem i vår tid. Den norske avdelinga av WILPF har mange møte med norske helsepolitikarar, og ein lang korrespondanse med dei, bak seg. I eit brev til oss frå Helsedepartementet av 27.06.2002 skriv dei: “ Direktøren i WHO for Division for Human Health, Steffen Groth, opplyste at WHOs gjennomgang av avtalen med IAEA foreløpig konkluderte med at det ikke var behov for revisjon og at relasjonene mellom de to organisasjonene fungerer godt”. Helsedepartementet hadde søkt råd hos Statens Strålevern som i sitt brev av 24.06.2002 skriv: “WHO har ikke på egen hånd engasjert seg i særlig grad innenfor strålingsområdet, men samarbeider praktisk med IAEA innenfor de områder hvor dette er naturlig. WHO har en tilsvarende medlemsmasse som IAEA, og da det jo er medlemmene som staker ut kursen, synes det lite trolig at den ene organisasjonen kan overkjøre den andre, slik det antydes i begrunnelsen for endringsforslagene.”

Den 12. februar 2001 var ei gruppe med aktivistar frå mange land samla utanfor WHO sitt hovudkvarter i Genève. Dei var der for å overrekke ein kasse med underskrifter og eit brev til den dåverande Generalsekretær i WHO, Gro Harlem Brundtland. Dette er filma av TSI Swiss Television og er med i filmen “Atomic Lies” av Wladimir Tschertkoff. I brevet uttrykkjer dei skuffelse over at WHO, i dei 15 åra som har gått sidan Tsjernobylulukka, har vore fråverande. Det er berre IAEA som har granska og uttalt seg om ulukka. Dei ber om endring av avtalen mellom IAEA og WHO og fridom for WHO til å arbeide fritt med helseeffektane frå radioaktiv stråling. Det som skjedde var at ein delegat frå WHO kom ut og sa at WHO hadde fått brev om dette før og hadde svart at aktivistane si uro var ugrunna. Han lova at dei skulle få svar denne gongen òg. Dr. Brundtland skulle svare før veka var omme. Til slutt takka han for at dei kom. I 2006 markerte vi 20-års dagen for Tsjernobylulukka. Sidan denne dagen har det stått folk utanfor WHO- bygget i Genève med plakatar som ber om eit “uavhengig WHO”. Internasjonalt kjende forskarar som russaren A.V. Yablokov og kviterussaren V.B. Nesterenko har delteke.

Det skulle vere mogeleg å få til endring i ordlyden til Res WHA 12-40. Artikkel 12 i avtalen opnar for å revidere avtalen når som helst. Dei som arbeider med dette har klare meiningar om kva slags endringar dei ønskjer. Dei konkrete endringsforslaga ser slik ut:

Artikkel 1, §3: …”the first party shall consult the other with a view to adjusting the matter by mutual agreement” bør endrast til å heite…..”the first party shall inform the other”.

Artikkel 3, §1 og §2: …”safeguarding of confidential material” bør endrast til: …”safeguarding of confidential information to allow for non-disclosure of only such information which has no bearing on health or environmental risks”.

Krava i artikkel 3 ovanfor om konfidensiell handsaming av informasjon står i kontrast til WHO si hovudoppgåve slik den er formulert WHO sin konstitusjon i kapittel 1: “The attainment by all peoples of the highest possible level of health” og i kapittel 2: “To act as the directing and co-ordination authority on international health work […] To assist in developing an informed public opinion among all peoples on matters of health.”

Den 26. april 2011 kan vi markere 25 årsdagen for Tsjernobyl-ulukka og det er igjen venta store demonstrasjonar i Genève. Mellom andre organisasjonen “Barn av Tsjernobyl” skal reise med buss frå Minsk til Genève og ha opphald, møter og demonstrasjonar undervegs. Ein heil generasjon frå Kviterussland har blitt offer for ein internasjonal politikk som går ut på å bagatellisere helse- og miljøproblema deira, og no ber dei igjen om at WHO må få fridom til å arbeide sjølvstendig med dette.

Litteratur:

  1. WHA 12-40: Agreement between the International Atomic Energy Agency and the World Health Organization, 28 May 1959
  2. www.IAEA.org
  3. Katz, Alison: Open letter to Dr. Margaret Chan , Director-General WHO 22 januar 2007, www.next-up.org/pdf/AlisonKatz og Le Monde Diplomatique, Norsk utgave nr.3 mars 2008
  4. Busby, Chris: ECRR2003 Recommendations of the European Committee on Radiation Risk, GreenAudit Press, Aberystwyth, SY23 1DZ, UK 2003
  5. Atomic Lies, video/DVD, copyright TSI Swiss Television

Eva Fidjestøl

Svar på artikkel: Atomkraftens nyttige idioter→

Les flere artikkeler om atomspørsmål →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *